Investeringsstøtte til nærbutikkar

Butikkar som deltek i Merkur-programmet kan søkje om investeringsstøtte til fornying eller utbygging av butikken. Tilskotsordninga skal medverke til at daglegvarebutikkar i marginale marknader kan moderniserast og utviklast til å bli meir konkurransedyktige.

Det er utarbeidd eit regelverk med klare vilkår når det gjeld kundegrunnlag, omsetning og avstand til næraste butikk. Investeringsstøtta skal gå til reine investeringar i butikkane, til dømes kjøle-/fryseutstyr, butikkdata, modernisering eller utviding. 

Butikkar som ønskjer å søkje om støtte, må ha ei årsomsetning på under 13 mill. kroner og minst 10 km avstand til næraste alternative innkjøpsstad. Maksimalt støttebeløp vart i august 2019 heva frå 400.000 til 600.000 kr. Butikkar med inntil 8 mill. kr i omsetning kan få tilskot med inntil 75 prosent av kostnadene, medan butikkar med 8-13 mill. kr kan få inntil 50 prosent tilskot.

Hovudregelen vil framleis vere at ein butikk må ha minst 10 km avstand til neste butikk for å kunne få Merkur-støtte. Men nytt regelverk opnar for at det kan gjerast særskilte vurderingar for butikkar som har mellom 5 og 10 km avstand til næraste alternative innkjøpsstad. Faktorar som kan bli vektlagt i den særskilte vurderinga er mellom anna vegens standard, spesielle lokale geografiske tilhøve, topografiske tilhøve som skil ulike lokalsamfunn, transportløysingar mm. Dei fleste butikkar med 5-10 km avstand må rekne med å få avslag på søknad om støtte.

Butikkar med årsomsetning på under 8 mill. kr, kan søkje om støtte til elektroniske hylleforkantar. Større butikkar vil ikkje kunne få støtte til dette formålet.

LES: Her er regelverket for investeringsstøttte (revidert aug. 2019)

For 2019 er det sett av til saman 43 millionar kr til investeringsstøtte og utviklingsstøtte for utkantbutikkar og til investeringsstøtte for å styrkje drivstofftilgangen i distrikta.

Tre vekers behandlingstid

Det er ikkje søknadsfrist for denne støtteordninga, søknader kan sendast heile året. Men prosjekta det blir søkt om støtte til, kan ikkje vere gjennomførte før søknaden er behandla. Du kan rekne med ei behandlingstid på tre veker etter innsending av fullstendig søknad. I periodar med ferieavvikling må du rekne med vesentleg lenger behandlingstid.

Styret kan etter ei særskilt fagleg vurdering godkjenne butikkar som ikkje oppfyller tildelingsreglane. Unntakssaker vil krevje lenger sakshandsaming, då det er minst to månader mellom kvart styremøte.

Er søknaden fullstendig?

Merkur får mange ufullstendige søknader. Ofte manglar uttale frå kommunen eller opplysningar om tidlegare utbetalt offentleg støtte. Andre gonger er det skrive inn feil namn eller organisasjonsnummer til butikken. Ver spesielt merksam på at epost-adressa er riktig, då all vidare kontakt skjer via epost.

Merkur vil på det sterkaste oppmode søkjarane om å sjekke grundig at søknaden er fullstendig, med korrekte opplysningar og alle vedlegg, før den blir sendt inn.

Ufullstendige søknader kan ikkje behandlast og vil bli avvist. Det betyr at søkjaren får ekstraarbeid med å lage ein heilt ny søknad. Dersom det berre er mindre endringar som skal til for at søknaden kan behandlast, kan Merkur returnere søknaden slik at du kan utføre endringane og sende søknaden inn på nytt.

Lag investeringsplan

Når du har fått godkjent ein søknad og fått tilsegn om støtte, må du hugse å signere på at du har akseptert tilsegna. Dette er ein føresetnad for at du seinare kan be om utbetaling av pengane. Tilsegn som ikkje er akseptert innan tre veker, vil automatisk bli kansellert.

Minimum støttebeløp må vere på minst 25.000 kr. Vi anbefalar at butikken jobbar langsiktig og lagar ein investeringsplan for eit heilt år, med oversikt over kva tiltak som skal gjennomførast. Dersom det skulle oppstå akutte behov for nye investeringar i løpet av året, er det enkelt å ta kontakt med sakshandsamar og be om omdisponering innafor godkjent ramme, utan å måtte fylle ut ein ny søknad.

LAST NED: Mal for investeringsplan

LES MEIR: Regelverk for tildeling av støtte frå Merkur (fullstendig regelverk)
Merkur-forskrifta gjeld frå 1.juni 2018 og vart revidert i august 2019

(Tidlegare regelverk: Standardvilkår for investeringsstøtte Gyldig til 31.mai 2018)

SØK HER: Her loggar du deg inn for å fylle ut søknadsskjema

Tips:
Registrer deg som ny søkjar i feltet til venstre, eller logg inn dersom du er registrert som søkjar frå før. Ved første gangs registrering skal du bruke feltet «Registrer organisasjon».
Dersom du skriv Merkur i søkefeltet for støtteordningar oppe til høgre, så får du opp oversikt over støtteordningane.

Treng du hjelp til å fylle ut søknadsskjemaet?

Nettstaden Regionalforvaltning har omfattande brukarstøtte der du kan få svar på alle spørsmål:

Slik registrerer du butikken som brukar av søknadssystemet
Slik opprettar du ein søknad til Merkur

Det er også laga fire korte videoar som viser korleis du skal gå fram for å registrere deg som søkjar, fylle ut søknadsskjema og be om utbetaling:

Video for opplæring av søkjarar

Er det noko du lurer på? Ta kontakt med din lokale Merkur-konsulent!