Servicestøtta skal dekke utviklings- og driftskostnader som dei aller minste butikkane har for å fylle rolla som lokalt servicesenter. Støtta kan og dekke mindre investeringar som bidreg til å nå målet med ordninga.
Maksimalt støttebeløp er 150 000 kroner.
Hugs å rapportere for i fjor
Butikkar som har fått servicestøtte for 2025, må levere sluttrapport ved å svare på spørsmål i utbetalingsanmodninga seinast 30. april. Hugs å leggje ved omsetningsrapport (varegruppe og nøkkeltal) frå butikkdatasystemet per 31. desember 2025.
Butikkar som ikkje tidlegare har mottatt servicestøtte, må ta kontakt med sin Merkur-konsulent for å få ei tilråding om støtte.