Årets Merkur-butikk i region Sør-Aust blir driven av Fitsum Mesfin, med god hjelp frå kone og vaksne born. Gjennom målretta butikkfagleg arbeid og lokal forankring har dei utvikla Matkroken Gransherad frå ein butikk med usikre framtidsutsikter til ein veldriven og viktig møteplass i bygda.
– Det er ikkje alltid like lett å kome til ei bygd og bli ein del av fellesskapet. Men Fitsum har gjort nettopp det. Han har vunne tillit i bygda, og samtidig utvikla butikken på ein måte som gir god lønnsemd, seier Merkur-konsulent Hallvard Christenson.
Ny kjøpmann i ein butikk med dårlege framtidsutsikter
Fitsum Mesfin kom til Noreg for 21 år sidan. Før han blei kjøpmann i Gransherad, hadde han drive ulike former for næringsverksemd, mellom anna to bensinstasjonar i Notodden-regionen. Erfaringa gav han solid forståing for drift, kundar og kvardagslogistikk, kunnskap han tok med seg vidare.
Coop hadde bestemt seg for å leggje ned eller selje butikken på staden. Omsetnaden hadde gått ned over fleire år, resultata var dårlege, bygget var slite og det var liten tru på framtida. Situasjonen var krevjande. I tillegg sleit butikken med omdømmet.
– Butikken hadde eit dårleg rykte, og bygdefolket var ikkje flinke til å bruke han, fortel Hallvard.
På dette bakteppet kom Fitsum inn i biletet. Han blei kjend med situasjonen og valgte å satse. Han kjøpte butikken og inngjekk samarbeid med Matkroken.

Å vinne bygda tilbake
Snuoperasjonen handla ikkje berre om økonomi. Minst like viktig var forholdet mellom butikken og bygda.
Fitsum gjekk inn i rolla som kjøpmann med eit tydeleg mål om å vere til stades, lyttande og konsekvent i drifta. Over tid har dette endra både korleis folk opplever butikken, og korleis dei bruker han.
– Det handlar om tillit. Fitsum er sjølv til stades i butikken kvar dag, møter kundane og følgjer tett med på kva som fungerer og kva som må justerast. Det gjer noko med korleis folk opplever butikken. I dag er bygda glad i butikken sin att og framsnakkar han, forklarer Hallvard.
Frå tap til lønnsemd med butikkfaglege grep
Samtidig som omdømmet blei bygd opp att, har Fitsum jobba systematisk i fleire ledd.
– Fitsum jobbar målretta med sortimentet. Når eg er på butikkbesøk, ser eg korleis han testar, vurderer og former vareutvalet ut frå det kundane faktisk etterspør. Han har også inspirerande planer framover og viser ei uredd kremmarånd, fortel Merkur-konsulenten.
– Tidlegare sleit butikken med lønnsemda. No tener han pengar. Det er resultatet av ryddigare drift og mange enkle, men svært medvitne grep.

Ein kjøpmann som let handlingane tale
For Fitsum er det kvardagen i butikken og kundane som står i sentrum.
– Fitsum gjer ikkje mykje vesen av seg, er ikkje typen som slår seg på brystet. Han er der, smiler, gjer jobben sin, og så blir resultatet ein skikkeleg god butikk, oppsummerer Hallvard.
Matkroken Gransherad er ein verdig vinnar av utmerkinga Årets butikk i region Sør-Aust. I dag framstår butikken som ein trygg, veldriven og viktig møteplass i bygda. Kjøpmannen har vist korleis godt butikkfag, lokal tilstadevering og auka tillit kan snu ei negativ utvikling.
