Merkur-programmet  ›  Aktuelt  ›  Saksbehandling i desember
Portrett av mann ved plakat i butikk
Ein del søknader frå slutten av 2025 vil få tilskot i 2026, fortel fagdirektør Steinar Fredheim.

Saksbehandling i desember

2. desember 2025

Stor pågang av søknader no mot slutten av året gjer at ein del søknader ikkje vil bli behandla før i 2026.

– Saksbehandlingstida for søknader varierer alltid, fortel fagdirektør Steinar Fredheim. – Akkurat no ser vi at det er lite sannsynleg at søknader som kjem inn i desember vil bli ferdig behandla før nyttår.

Blir flytta til 2026

Det er tildelingstidspunktet som avgjer kva år støtta blir tilhøyrande. Det gjer at sjølv om du har søkt i år, vil den bli rekna som at du får støtte i 2026, uavhengig av når du sende inn søknaden. Dersom du meiner det er spesielle grunnar til at søknaden din må ferdigbehandlast i 2025, kan du be konsulenten din om å melde det til Distriktssenteret. Vi kan likevel ikkje garantere saksbehandling i år.

Det kan oppstå akutte behov for nytt utstyr, til dømes i samband med havari av kjøl og frys. Då kan butikken få skriftleg løyve til å kjøpe inn nytt utstyr før søknaden om investeringsstøtte er behandla. Eit slikt igangsetjingsløyve er ikkje nokon garanti for at søknad vert innvilga. Har du eit slikt behov, kontakt Distriktssenteret.

Fyll ut alt

Behandlingstida for søknader om støtte er vanlegvis 6-8 veker, men ofte mindre. Søknader som ikkje inneheld all naudsynt informasjon eller er omfattande kan ta lengre tid. Dersom vi må etterlyse manglande opplysningar eller vedlegg, vil det vere med på å forseinke saksbehandlinga ytterlegare.

Av: Dan-Erik Aggvin