Merkur-programmet  ›  Aktuelt  ›  Matkroken Imsland er Årets Merkur-butikk
Bilde for Matkroken Imsland er Årets Merkur-butikk
Lars Helgeland, Merkur-konsulent, Steinar Fredheim, fagdirektør Distriktssenteret og prisvinnar Jarle Kvaløy, Matkroken Imsland.

Matkroken Imsland er Årets Merkur-butikk

5. november 2025

Med imponerande utvikling, brei tenesteportefølje og sterkt lokalt engasjement, er Matkroken Imsland kåra til Årets Merkur-butikk i region Rogaland og Sunnhordland. Butikken blir drive av ekteparet Jarle Kvaløy og Britt June Risvold Kvaløy, og har blitt ein livskraftig møteplass og motor i bygda.

Frå skifterett til suksess

Då Jarle og Britt June tok over Matkroken Imsland i 2017, var butikken i ein krevjande situasjon med daglegvareomsetning under 4 millionar kroner. Gjennom god drift og nye tenester har dei snudd utviklinga og skapt ein solid og framtidsretta butikk med ei omsetning på 11 millionar i 2024.

– Det er ekstra gledeleg å kunne gi prisen til ein butikk som har vore finalist fleire år på rad. Matkroken Imsland er ein verdig vinnar, seier Merkur-konsulent Lars Helgeland.

Tenester langt utover det vanlege

Matkroken Imsland er ein typisk distriktsbutikk med rundt 100 husstandar i nærområdet. I tillegg til daglegvarer tilbyr butikken drivstoff, matservering, drosje og landbruks- og sommervarer i eit eige bygg ved sida av butikken. Dei har handlebuss for kundar som sjølv ikkje kjem seg til butikken. Kvar mandag formiddag inviterer butikken til gubbetreff i kafeen.

– Jarle og Britt June har skapt ein butikk med hjarte for bygda. Dei ser kva lokalsamfunnet treng, og leverer tenester langt utover det ein vanlegvis forventar, seier Helgeland.

Prisar i fleng – og endeleg Merkur

Matkroken Imsland har tidlegare fått utmerkingar frå både eigen kjede, kommunen og lokale lag og foreiningar. Veggen bak kassa er fylt med prisar, men det har mangla éi: Årets Merkur-butikk. Den får no sin rettmessige plass i samlinga.

Omsider blir det også diplom for Årets Merkur-butikk i samlinga.
Av: Maria Almli