Går viral med artige skilt
Joker Luster har lenge vore kjent som ein humørfylt og engasjert nærbutikk i hjartet av Luster. Etter at dagens drivarar, Marit Einarsrud og Gunn Kristin Alme, tok over i 2018, har smil og latter spreidd seg langt utanfor butikken i Sogn. Morosame skilt på dialekt har “tatt av” på nettet, noko Dagbladet merka seg.
At drivarane er engasjerte ut over det forventa, viser også ein ein VG-artikkel frå 2024. Det vekte merksemd at Einarsrud og Alme tok saka i eigne hender og forfølgde tjuvar som hadde tatt føre seg i butikken.

Imponerande drift og vekst
Det er likevel den daglege drifta av butikken som har imponert juryen av årets Merkur-butikk i region Sogn og Fjordane og Sunnmøre. Joker Luster har levert sterke tal over tid, med ein vekst på vel 17 prosent i 2024 og ytterlegare auke i 2025. I november 2023 opna Joker Luster sin digitale butikk, noko som har medverka til den sterke utviklinga.
Fleire tilleggstenester, men kaffekrok vil dei ikkje ha
Joker Luster er utan tvil ein møteplass som sprudlar av kreativitet og glede, noko innbyggjarane i lokalsamfunnet set pris på. Men sjølv om butikken, som også har post i butikk, har blitt eit lystig samlingspunkt, har drivarane valt ikkje å ha eigen kaffekrok. Det er eit bevisst val for å støtte naboverksemda Lustrabui.
Samfunnsansvar syner dei også ved å støtte lokale arrangement og med deltaking i Too Good To Go. Too good to go er ei ordning kor folk kan kjøpe uselde varer til ein rimelegare pris, noko som bidreg til å redusere matsvinn.
-Det meste rundt Joker Luster er rett og slett ekstraordinært, medgir Merkur-konsulent Atle Stalheim
