Merkur-programmet  ›  Aktuelt  ›  – Merkur-støtte har vore gull verdt
To menn framom eit gamalt, gult hus.
- Det hadde kanskje ikkje vore nokon butikk på Elgå, om vi ikkje hadde hatt Merkur-programmet, seier kjøpmann Per Arne Røsten (t.v.), her saman med fagdirektør Steinar Fredheim i Distriktssenteret.

– Merkur-støtte har vore gull verdt

7. oktober 2025

Kjøpmann Per Arne Røsten har følgt Merkur-programmet i 30 år. Han var med i det aller første programmet for butikkutvikling i 1996 og er no i gang med sitt andre utviklingsprogram. – Det hadde neppe vore butikk her i dag, om vi ikkje hadde fått hjelp og støtte frå Merkur, seier han.

Per Arne Røsten (60) vaks opp på den familiedrivne butikken på Elgå på austsida av Femunden og fekk tidleg erfaring med sal av over disk. I 1987 overtok han drifta etter far sin.

– Dei første åra hadde vi lite kontakt med både kjeder og andre butikkar. Vi kjende oss litt utanfor, fortel Røsten.

Situasjonen endra seg etter at Merkur-programmet vart etablert i 1995 og butikken vart kontakta av den dåverande Merkur-konsulenten for Innlandet, Jon Hidle.

– Eg fekk vere med i Merkurs hovudprogram i 1996-97, saman med 10-12 andre kjøpmenn. Det var første gong eg var i kontakt med andre butikkar. Det var veldig lærerikt. Spesielt lærde vi mykje av å besøke andre butikkar og møte andre kjøpmenn i same situasjon, seier Røsten.

Inspirerande samlingar

Per Arne Røsten har seinare deltatt på alle konferansar som Merkur-programmet har arrangert i Innlandet.

– Ei årleg samling der du kan møte kollegaer på tvers av kjedene, er veldig bra. Eg kjenner at eg får inspirasjon og nyttig informasjon ved å delta på slike samlingar, seier han.
I 20 år har han i også sete i det nasjonale kjøpmannsrådet for Nærbutikken.

Dette året har Røsten blitt med i Merkur utvikling, som er i vidareutvikling av det første hovudprogrammet. Han erfarer at det framleis er nyttig å dele kunnskap og erfaringar.

Sikra drivstoff-tilbodet

Dei første åra som Merkur-butikk var det forholdsvis lite økonomisk støtte å få. Situasjonen endra seg då ordningane med investeringsstøtte til butikk og drivstoffanlegg kom på plass i 2010 og 2012.

– Vi måtte fornye drivstoffanlegget i 2014. Då var investeringsstøtta gull verdt. Eg veit ikkje om det hadde vore bensin å få her oppe, om det ikkje hadde vore for Merkur-støtta, seier Røsten.

Nærbutikken Elgå har også fått støtte til viktige investeringar i kjøl og frys. Men kjøpmannen har heile tida vore nøysam og sjølv utført mykje av det praktiske arbeidet knytt til investeringane.

Kommunal serviceavtale

En avisartikkel med et bilde av to menn ved et bord.
Butikken på Elgå har fått ein historisk samarbeidsavtale med Engerdal kommune. (Faksimile: Lokalavisa Trysil Engerdal 24.4.25)

Butikken på Elgå har blitt utbygt fleire gongar og tilbyr i dag både hytteutleige, tipping, postpakkar, fiskeutstyr, fiskekort og kaffikrok, i tillegg til daglegvarer og drivstoff. Butikken har ei årleg omsetning på 7,5 mill. kr, inkludert drivstoff og propan.

I vår fekk butikken, gjennom Merkur-programmet, ein avtale med Engerdal kommune om å tilby kommunale tenester. Butikken skal levere ut medisin og avfallssekkar, vere vallokale, låne ut bøker, ha beredskap i form av hjartestartar og naudaggregat, tilby elbil-lading og digital hjelp, ha varekøyring til eldre m.m.

Samarbeidsavtalen med kommunen er den første avtalen av sitt slag i Innlandet.

Gull verdt for oss

– Kva hadde butikken på Elgå vore i dag utan hjelp og støtte frå Merkur-programmet?

– Merkur-ordninga har vore gull verdt for oss. Vi hadde ikkje kunne tatt store investeringar utan økonomisk støtte frå Merkur.

– Eg har tenkt litt på dette. Sett på spissen så ville det kanskje ikkje ha vore nokon butikk her i det heile tatt, om ikkje vi hadde hatt Merkur-programmet, seier Per Arne Røsten.

Viktig for grenda

En rød bygning i en grønn skog.
Nærbutikken Elgå ligg like ved Femunden og er heilt avhengig av dei mange hyttegjestene i området (Foto: Odd Egil Bakken)

For kjøpmannen ved Femunden har arbeidet som kjøpmann vore nesten som eit kall:

– Det var forventa at eg skulle ta over butikken etter far min. Eg har aldri tenkt så mykje på pengane. Eg blir nok minstepensjonist, sjølv om eg har jobba dobbelt så mykje som mange andre, seier Røsten.

– Eg har kjent det som ei plikt i forhold til grenda, å drive butikk her. Butikk-tilbodet har vore svært viktig for grenda. Eg meiner at butikken er viktigare enn skulen for slike små grendesamfunn. Det trur eg at bygda forstår. Både bygdefolk og hyttefolk er flinke til å bruke den lokale butikken.

– Men det har vore eit minus at butikken ligg litt for nær svenskegrensa. Det er ikkje tvil om at mange varer er billigare i Sverige. Då grensa var stengt under koronaen, auka omsetninga. Då vart det også igjen litt overskot. Men det varde ikkje lenge, sluttar Per Arne Røsten.

Ikonet information-sign
Merkur-programmet er 30 år
  • Merkur-programmet for utvikling av distriktsbutikkar vart etablert i 1995, for å sikre servicetilbodet i små samfunn med lange avstandar til andre butikkar.
  • Merkur-programmet har i dag brei støtte på Stortinget og har dei siste 15 åra fått vesentleg større løyvingar. Budsjettet for 2025 ligg på 98,6 millionar kroner.
  • Forskarane Lars Julius Halvorsen og Finn Ove Båtevik ved Høgskulen i Volda karakteriserer Merkur-programmet som ein «politikksuksess».(Lars Julius Halvorsen og Finn Over Båtevik: «Frå anakronisme til politikksuksess. Historien om den statlige politikken for utkantbutikker» i boka Plan, politikk og prosess, Scandinavian University Press, 2025 . (CC BY 4.0))