Merkur-programmet  ›  Aktuelt  ›  Bli med på Handle lokalt
Teksten handle lokalt og bilde av en gutt som sitter på bøger og to kvinner med dagligvarer i hendene

Bli med på Handle lokalt

15. august 2025

18. oktober er det klart for ny Handle lokalt-dag. Vil du vere med? I år byr vi på oppussa materiell, og eigen plakat for bokhandlane. Meld deg på innan 1. oktober.

Berre fantasien set grenser for kva du brukar Handle lokalt-dagen til. Gjer litt ekstra stas på kundane, gå saman med grendelag, idrettslag og andre for å lage ekstra aktivitet i og rundt butikken. Inviter ordføraren og lokalavisa.

Melder du butikken på innan fristen, vil du få tilsendt årets plakat. Nærbutikkane får også klistremerke. Bokhandlane får bokmerke. I tillegg vil du få eit par nyheitsbrev i e-posten din med nokre tips til kva du kan gjere og korleis du kan bruke materiellet.

Vi har også digitalt materiell som du kan laste ned og skrive ut eller laste ned og bruke i sosiale medier og nettsider.

Et sett med brosjyrer med bilde av flere personer.
Materiellet til Handle lokalt-kampanjen har fått ei oppfrisking i 2025.
Av: Dan-Erik Aggvin