Merkur-programmet  ›  Aktuelt  ›  Gjenoppstått butikk er Årets Merkur-butikk i Hordaland
Tre personer med blomster og diplomer
Eksingedalen Snarkjøp er Årets Merkur-butikk i Hordaland. F.v. fagdirektør Steinar Fredheim fra Distriktssenteret, Hege Marie Lavik frå Eksingedalen Snarkjøp og Merkur-konsulent Per Spillum. (Foto: Distriktssenteret/Gunta Venge)

Gjenoppstått butikk er Årets Merkur-butikk i Hordaland

13. mai 2025

To år etter brannen som sette Eksingedalen Snarkjøp i Vaksdal kommune ut av spel, er det ein nybygd butikk som no har fått prisen som Årets Merkur-butikk i region Hordaland 2025.

I mars 2023 blei butikken råka av ein dramatisk brann. Bygget blei totalskadd, men drivar Hege Marie Lavik viste imponerande vilje til å reise seg. Med støtte frå eit sterkt lokalsamfunn, Vaksdal kommune og Merkur-programmet stod eit nytt og moderne butikkbygg klart i februar 2025.

Berekraft og framtidsretta løysingar

Eksingedalen Snarkjøp har over tid vist veg med innovative og berekraftige tiltak. Solceller på taket var med på å syte for miljøvenleg drift. Som del av eit Merkur-pilotprosjekt blei butikken også den første i regionen til å ta i bruk digital fjernbetening – ei løysing som har inspirert mange andre kjøpmenn.

Hege Marie Lavik såg ei moglegheit til å oppfylle draumen om å bli kjøpmann og bidra til utviklinga av heimebygda si då førre drivar gav seg for kring ti år sidan. Ho tok over lokala, som då hadde stort behov for oppussing, og sette i gong eit omfattande arbeid for å modernisere butikken. Med hjelp frå familien og kjedekontoret opna butikken på nytt i 2017, og sidan har ho vore ein viktig del av bygda. Etter brannen i 2023 var ho ikkje i tvil om at butikken skulle byggast opp att.

– Eksingedalen Snarkjøp har blitt eit symbol på lokal verdiskaping, miljøbevisstheit og stå-på-vilje, fortel Merkur-konsulent Per Spillum.

Prisen vart delt ut på Merkur-programmet sin regionale konferanse måndag kveld. Den blir delt ut av Merkur-programmet og går til butikkar som er gode døme for andre og viser korleis lokalbutikken kan vera ein viktig møteplass og motor i bygda.

Av: Dan-Erik Aggvin