Merkur-programmet  ›  Aktuelt  ›  Nærbutikken Kvingo er kåra til Årets butikk i region Vest
Bilde for Nærbutikken Kvingo er kåra til Årets butikk i region Vest
Prisutdeling Årets butikk: f.v. Sissel Karin Hals (Distriktssenteret), Kariann Ekren (Nærbutikken Kvingo) og Merkur-konsulent Per Spillum

Nærbutikken Kvingo er kåra til Årets butikk i region Vest

30. mai 2024

Kjøpkvinna Kariann Ekren har for andre gang mottatt prisen for Årets butikk med Nærbutikken Kvingo i Masfjorden kommune.

Lønnsame tilleggstenester

Til tross for eit lite kundegrunnlag har butikken utvikla seg positivt gjennom dei 15 driftsåra som nettopp vart feira. Vellykka drift og utvikling er mogleg takk vere ei engasjert, oppfinnsam, nysgjerrig og iherdig dame i spissen, som stadig jobbar for å ta butikken til nye høgder.

Butikksjefen innsåg tidleg at det var nødvendig med fleire bein å stå på og butikken gjennom langsiktig satsing klart å utvide servicetilbod og tenester. I dag framstår butikken som ein attraktiv og spennande stad for både handel og opplevingar og er blitt ein triveleg møteplass i bygda.

Butikken har tradisjonelle tilleggstenester som drivstoff og tipping, og i tillegg har dei bygd kjøken for servering av varmmat. Dei har kafé, pub og konsert- og danselokale med plass til 200 personar og arrangement omtrent kvar helg utover våren og hausten. For å finne nye servicetilbod har dei ikkje berre snudd kvar stein, men også sprengt vekk ein fjellknaus og laga plass til bubilparkering. No kjem gjestar køyrande frå heile fylket.

Dei har òg fått på plass ein samarbeidsavtale med kommunen om offentleg toalett.

Framtidsretta butikk

Med hjelp av Merkur-støtte fekk ein i 2022 på plass delvis sjølvbetent butikk og har sidan halde ope døgnet rundt. Tett samarbeid og støtte frå Merkur over mange år har bidrege til den positive utviklinga. Også i 2024 har butikken søkt Merkur om midlar til fleire investeringar for vidare framtidsretta satsing.

Butikksjefen er god på marknadsføring og aktiv på sosiale medium. Dette resulterer blant anna i at det kjem mopedar med ungdom frå Knarvik til butikken for godterihandel frå eit utval dei ikkje finn i nokon annan butikk. Merkur har i fleire samanhengar hatt gleda av butikksjefens kompetanse og engasjement under arrangement og konferansar.

Butikk som livsstil

Butikksjefen er ei travel småbarnsmor til fire barn, aktiv lokalpolitikar og sit i kjøpmannsrådet. Det å drive butikk har alltid vore ein draum for ho, men det hadde ikkje gått utan støtte frå familien der pappa stiller villig til det praktiske som skal gjerast på området og mamma hjelper til med rekneskapen.

Det er butikken og bygda ho brenn for. Å ha ei levande bygd, få ting til å skje og skape ein sosial møteplass er det ho satsar på. Juryen meiner dei lukkast med det og tildeler ho og butikken difor prisen for Årets butikk i region Vest for andre gang.