Merkur-programmet  ›  Aktuelt  ›  Joker Nordagutu er Årets butikk i Viken, Vestfold og Telemark.
Fire smilende personer som viser fram to diplomer og en blomsterbukett
Årets butikk Østlandet-Sør: f.v. Anna Hamre (Distriktssenteret), Merkur-konsulent Hallvard Christenson, Tanja Sluijsmans, Victoria Brennset (Distriktssenteret) Foto: Hans Olav Bakås

Joker Nordagutu er Årets butikk i Viken, Vestfold og Telemark.

29. april 2024

Kjøpmannsparet Tanja Sluijsmans og Vincent ‘t Hart har gått frå tilsette til butikkdrivar og utvikla Joker Nordagutu i Midt-Telemark kommune til ein framtidsretta butikk med ei sentral rolle i lokalsamfunnet, og skaper ein møteplass og handelsglede.

Merkur-programmet sin pris for Årets butikk vert delt ut for rollen butikken har i bygda og byggjer på økonomiske, sosiale og ikkje minst menneskelege faktorar. Det gjeld å halde hjula i gang kvar dag. Drift, kundar, leverandørar, kjede, myndigheiter – og ikkje minst eigen familie og heile bygda sitt ve og vel skal bli tatt vare på. Kjøpmannen som rekk over alt dette og smiler er ein tusenkunstnar, heiter det i juryen si grunngjeving.

Aktiv og framtidsretta

Opning av delsvis sjølvbetent butikk – Vincent ‘t Hart og Tanja Sluijsmans. Foto: Hallvard Christenson

Joker Nordagutu har to nysgjerrige og kreative kjøpmenn som er glade i kundane sine og bygda. Dei ser og tek i bruk nye moglegheiter for å drive butikken på ein framtidsretta måte. Med god hjelp av Merkur-programmet er butikken alt i gang med delvis sjølvbetent butikkdrift, som er blitt ein stor suksess. Det er stort engasjement rundt «Handle lokalt-dagen» i butikken. Kjøpmennene Tanja og Vincent er ivrige deltakarar på Merkur-programmet sine regionkonferansar for fagleg påfyll, erfaringsutveksling med andre og få inspirasjon og nye idear.

Glad i kundar

Kaniljebolle-konkurranse 2024

Som ein typisk distriktsbutikk, ligg Joker Nordagutu sentralt i bygda og er mykje meir for dei mange lojale kundane enn berre ein handelsstad. Det er ein møteplass og «verdas navle» for dei som bur i bygda. Kor viktig butikken er for innbyggarane viste seg blant anna under straumkrisa der butikken fekk straumstøtte frå bygda i tillegg til støtta frå Merkur-programmet.

Butikken gir tilbake til bygda og kundane sine på mange måtar blant anna med konkurransar som kaniljebolle-konkurransen der 5000 selde kaniljebollar gir 5000,- i donasjon til lokale organisasjonar og lag. Konkurransen for 2024 er alt i gang med over 1200 selde bollar.

Stolt kjøpmann Vincent ‘t Hart

Det blir trekt fram at kjøpmennene er eit energisk par som ser alle og det gjer at både kundar, leverandørar og samarbeidspartnarar går alltid litt gladare ut av butikken enn dei kom inn. «Vi gir oss aldri på service» er eit døme for deira energi og glimt i auge som også kjem fram på deira facebook-side der dei byr like mykje på seg sjølv som dei marknadsfører butikken sin.

Prisen for Årets butikk viser at innsatsen Tanja og Vincent har lagt ned er blitt lagt merke til av både kundane, bygda og Merkur-programmet og er verdt å bli heia fram.