Merkur-programmet  ›  Aktuelt  ›  Gir seg som Merkur-konsulent
Portrett av mann

Gir seg som Merkur-konsulent

1. februar 2024

Stig Olson har vore Merkur-konsulent i 12 år. Når avtalane for konsulentar no er ute på ny anbodsrunde, leverer ikkje Stig nytt tilbod. Han vert pensjonist, og kan sjå tilbake på ei innhaldsrik konsulentkarriere.

– Eg er mektig imponert over innsatsen butikksjefane legg ned. Det er nesten som om dei har eit kall. Dei tek eit veldig ansvar for kundane og kjenner på eit stort samfunnsansvar, seier Stig.

Allsidig konsulentoppdrag

Vi tek ein prat for å finne meir ut om korleis det er å vere Merkur-konsulent. Han veit det. Han har hatt oppdraget i Midt-Noreg i 12 år. Til hausten er det slutt. Kvart fjerde år vert oppdraget lagt ut på anbod, og Stig vel å pensjonere seg.

– Jobben som Merkur-konsulent er allsidig. Noko kan planleggast, noko må ein ta på sparket. Eg vert kontakta av butikkar, privatpersonar og kommunar, fortel han.

Når han skal reise rundt og besøke butikkar gjeld det å planlegge. Du må vere effektiv, kople saman fleire besøk og få mest mogleg ut av reisetida. Kvart einaste besøk krev for- og etterarbeid, sjølv om ein etter kvart kjenner butikken og veit mykje om kvar skoen trykkjer. Men på planen til Stig står mange andre oppgåver enn å besøke butikkar.

– Dei siste åra har det handla mykje om å hjelpe til med søknader. Butikken har ein plan, men treng hjelp til å lage ein søknad som er riktig, realistisk og har finansieringa på plass. Har butikken råd til investeringane? Er det dei rette investeringane for butikken?

Løft til butikken

Som Merkur-konsulent treng du eit viktig og tillitsfylt samspel med butikken. Saman kan ein lettare sjå kva som er moglegheitene i butikken. Ein kan sjå kvar ein kan spare, mellom anna ved hjelp av enøk. Ein kan sjå på moglegheitene i bygda. Der startar alle utviklingsprogramma for butikkane. Merkur utvikling er eit kompetansehevingsprogram for butikkdrivarar, der Merkur-konsulenten er hovudlærar og rådgjevar.

Når Stig får telefon frå privatpersonar, er det som oftast fordi dei vil prate om ting dei ønskjer for butikken sin. Dei kan ha innspel om utvikling, dei kan ha tips og dei kan lure på korleis dei kan bidra for å gjere lokalbutikken eller hyttebutikken sin betre stilt.

Som Merkur-konsulent er også kommunen ein aktør ein må ha god kontakt med.

– Mi oppleving er at kommunane er interesserte i Merkur-programmet. Dei ser støtteordningane som viktige, og vil vite meir om dei. Men dei er også interesserte i å bidra.

Service til butikken

Stig fortel om eit møte med næringssjefen i ein kommune nyleg. Temaet var framtida for to butikkar i kommunen. Skulle det gå mot styrt avvikling eller ei satsing med digitalisering av butikken. Før møtet var ferdig hadde næringssjefen gitt positive signal om kommunal medfinansiering av digitalisering.

– Kva er du mest stolt over å ha vore med på som Merkur-konsulent?

– Eg har nok vore med på å berge nokre butikkar, seier Stig.

Han trekk også fram arbeidet med butikken på Nerskogen i Rennebu. Der var butikken for liten, og redninga vart at kommunen sette opp butikkbygg og leigde ut.

– Eg gjer mitt ytterste for butikkane. Eg har vakse opp i og med butikk, og jobba med det heile livet. Eg vil yte den servicen dei fortener, akkurat som dei gjer for kundane sine.

Gode råd

– Kva betyr Merkur-programmet for Distrikts-Noreg?

– Butikkane gir tilbakemelding om at om det ikkje hadde vore for Merkur, hadde ikkje butikken eksistert i dag. Spesielt viktig er investeringsstøtta og kompetansetilbodet. Med lita omsetning er det ikkje berre å leggje 70 000 kroner på bordet til å fornye utstyr. Må vere moderne og oppdatert om den skal klare seg.

Dei regionale konferansane konsulentane held for butikkane ser Stig også som viktige. Det faglege påfyllet og nettverket er viktig for butikkdrivarar som ofte driv litt aleine.

Avtroppande Merkur-konsulent Stig Olson har eit par viktige råd til butikkdrivarar:

– For det første må mange bli flinkare til å gå i rekneskapsrapportane og følgje med. Du treng kunnskap om økonomien til butikken. For det andre må du lytte til kundane. Finn løysingar når kundane ønskjer seg noko. Til sist er det viktig å ha kaffekroken som ein eigen krok i butikken. Den sosiale funksjonen til butikken er minst like viktig i dag.

Anbodskonkurranse for konsulentar

Merkur-konsulentane arbeider i kvar sin region på oppdrag frå Distriktssenteret for å gjennomføre kompetanseprogrammet og bistå butikkane på ulike vis. Dei har 4-årsavtale med Distriktssenteret, og inneverande anbudsperiode går ut 31.7.2024.

Distriktssenteret har lagt ut anskaffinga til offentleg konkurranse med anbodsfrist 19.2. kl. 12.00. Konkurransedokumenta er tilgjengelege på Doffin.

Sjå også Lyser ut oppdrag for Merkur-konsulentar

Av: Dan-Erik Aggvin