Merkur-programmet  ›  Aktuelt  ›  Anna har Årets butikk i nordvest
Bilde for Anna har Årets butikk i nordvest
PRISVINNAR: Anna Kirsti Skare mottok pris for årets nærbutikk frå Anna Hamre (t.v.) i Distriktssenteret. T.h. Merkur-konsulent Atle Stalheim.

Anna har Årets butikk i nordvest

30. oktober 2023

Coop Marked Sandsøy i Sande på Sunnmøre står veldig sterkt i lokalsamfunnet og har levert svært gode tal over lang tid. Butikksjef Anna Kirsti Skare har fått Merkurs pris for Årets nærbutikk på Nordvestlandet.

Prisen for Årets butikk blir delt ut av det statlege Merkur-programmet etter ei samla vurdering av butikk-kvalitet, økonomisk utvikling og butikkens samspel med lokalsamfunnet.

Butikksjef Anna Kirsti Skare mottok prisen på ei konferanse for nærbutikkar frå Sunnmøre og Sogn og Fjordane i Loen, etter at sju kandidatar frå ulike kjeder hadde blitt vurdert

Best i kjeden

– Coop Marked Sandsøy kan vise til svært gode tall over lang tid, har ein imponerande høg marknadsandel ut frå kundegrunnlaget og leverer gode nøkkeltal. Butikken er blant dei beste i kjeden nasjonalt når det gjeld svinn og har vunne fleire prisar både regionalt og nasjonalt for drifta si, seier juryen om prisvinnaren.

Butikken gjekk gjennom ei omfattande oppgradering for ikkje så mange år sidan, og framstår som svært presentabel, ryddig og innbydande.

Viktig møteplass

Anna Kirsti Skare  har ho vore tilsett i Coop i 25 år, og har vore butikksjef på Sandsøya sidan 2009. Framleis har no same energi og innsats, og no er blikket retta framover mot delvis sjølvbetjent butikk.

Butikksjefen er viktig i lokalsamfunnet, og butikken er ein viktig møteplass der du og kan få hjelp til stort og smått.

Under utdelinga fekk butikken også ei helsing frå den nye kommunal- og distriktsministeren, Erling Sande, som kjem frå same region.