Merkur-programmet  ›  Aktuelt  ›  Tomt for ordinære støttemidlar
Portrett av mann ved butikkhylle
Avdelingsdirektør i Distriktssenteret Steinar Fredheim på ein handletur i Leirgulen Handel

Tomt for ordinære støttemidlar

4. juli 2023

Midlane som er sett av til dei ulike støtteordningane i Merkur-programmet er no stort sett brukt opp. No er det berre att midlar til servicestøtte og investeringsstøtte til enøk-tiltak.

Til no i år har Merkur-programmet gitt tilsegn og 41 millionar kroner i støtte til butikkar i Distrikts-Noreg. Det er heile den opprinneleg tildelte ramma. Nye midlar gjennom revidert nasjonalbudsjett og inndregne midlar (tidlegare tilsegn som ikkje er brukt opp) gjer at det framleis er tilgjengeleg kring 3,5 millionar kroner. Det er nok til servicestøtte for nærbutikkane og utviklingsstøtte til bokhandlane.

– I tillegg har Stortinget nyleg løyvd 12 millionar kroner, som skal fordelast på straumstøtte for perioden juli-oktober 2023 og investeringsstøtte til enøk-tiltak, fortel avdelingsdirektør Steinar Fredheim.

Berre midlar til enkelte føremål

-Det er dei minste og mest sårbare butikkane som har mest att for støtte, seier Fredheim. -Når det no er avgrensa midlar att, prioriterer vi desse.

Butikkar som kvalifiserer til det, kan søkje om servicestøtte. Det same gjeld utviklingsstøtte til bokhandlar. Tilleggsløyvinga til enøk-investeringar  og straumstøtte gjer at desse ordningane er opne for alle Merkur-butikkar. Straumstøtta blir opna for søknader i september.

Søknadar til andre føremål vil bli avslått.

Av: Dan-Erik Aggvin