Merkur-programmet  ›  Aktuelt  ›  Imponert over innovasjon på bygda
Bilde for Imponert over innovasjon på bygda
MÅTTE PRØVE: Kommunalminister Sigbjørn Gjelsvik låser seg inn på Hegna-butikken ved hjelp av bankkort. T.v. fylkesordførar Terje Riis-Johansen. Foto: Tone Tveit, Vest-Telemark blad

Imponert over innovasjon på bygda

5. mars 2023

– Det er spennande å sjå at innovasjon i daglegvarebutikkar skjer i distrikta, sa kommunalminister Sigbjørn Gjelsvik då han besøkte Hegna Landhandel. Den vesle butikken i Telemark var Norges første delvis sjølvbetjente og døgnopne daglegvarebutikk.

Hegna Landhandel vart etablert som konsept-butikk for ny teknologi i 2018, med investeringsstøtte frå Merkur-programmet.

Datagründer Hans Olav Bakås hadde ideen om å etablere ein moderne og berekraftig landhandel ved å kombinere fleire teknologiske løysingar og sette dei saman på ein ny måte.

40 Merkur-butikkar

Erfaringa med digital butikk var så spennande at Merkur året etter sette i gang eit nasjonalt innovasjonsprosjekt. Merkur ville finne ut om fleksible opningstider med ny teknologi kunne bidra til styrka inntening og overlevelsesevne for små daglegvarebutikkar i distrikta.

No står butikkar over heile landet i kø for å tilby sjølvbetjent løysing, utanom vanleg opningstid. Ved årsskiftet hadde totalt 38 butikkar fått investeringsstøtte gjennom Merkur-programmet til å satse på ny teknologi. 22 av butikkane fekk støtte i 2022.

– Den utvida opningstida har styrka innteninga for butikkane, samstundes som kundane får eit betre tilbod, kommenterer Sigbjørn Gjelsvik.

Kompetente pengar

Merkur-programmet er opptatt av innovasjon og stiller risikokapital og kompetanse til disposisjon for distriktsbutikkar som ønskjer å teste ut nye forretningsmodellar eller nye tilleggstenester.

– Satsinga på sjølvbetjent og døgnopen drift av små nærbutikkar er det beste eksempelet på den viktige rolla Merkur-programmet har i å fremje og drive innovasjonsprosjekt som distriktsbutikkane elles ikkje ville fått teke del i, seier avdelingsdirektør Steinar Fredheim i Distriktssenteret.

– Dette er små butikkar som må tenke smart for å oppretthalde grunnlaget for vidare drift. Det har dei verkeleg klart! Det er imponerande, seier kommunalminister Sigbjørn Gjelsvik.

STORT FØLGJE: Det var mange som ville møte statsråden på Hegna: f.v. Kjetil Flåtrud (NorgesGruppen), Einar Uvsløkk (Mat-Norge), Beate Marie Dahl Eide (Seljord kommune), Hallvard Christenson (Merkur-konsulent), Gro Cathrine Aasgrav (Hegna Landhandel), Hans Olav Bakås (Mat-Norge), Sigbjørn Gjelsvik (kommunal- og distriktsminister), Sondre Aasan (fungerende ordførar i Seljord ) og Terje Riis-Johansen, (fylkesordførar). Foto: Karine Risdalen

Nytt pilotprosjekt

No er Merkur-programmet godt i gang med eit nytt prosjekt i samarbeid med Design Arkitektur Norge (DOGA) for å utvikle innovative løysingar for framtidas nærbutikk, med eit variert tilbod av tenester og aktivitetar i og rundt lokalbutikken.

Målet er å løfte fram små stader som førebilete i utviklinga av framtidas lokalsamfunn med butikken i sentrum.

Tre butikkar er plukka ut til å vere pilotar: Gamvik Handel, Nordmela landhandleri og kafé og Joker Grue Finnskog.