Merkur-programmet  ›  Aktuelt  ›  Over 200 butikkar har fått straumstøtte
Bilde for Over 200 butikkar har fått straumstøtte
STØTTE: Hegna Landhandel fekk 70.000 kr i straumstøtte for dei tre månadene september, oktober og november i 2022. Foto: Hegna Landhandel

Over 200 butikkar har fått straumstøtte

1. februar 2023

225 Merkur-butikkar har så langt fått tilsegn om straumstøtte for de fire siste månadene i 2022. 40 søknader som vart sendt inn i slutten av januar, er til behandling.

Merkur-programmet har ved utgangen av januar delt ut 7,5 mill. kr i straumstøtte til distriktsbutikkar.

Samla tilskot varierer frå 3.000 kr til 131.000 kr for kvar butikk. Fleire butikkar har fått 40-60.000 kr i straumstøtte i sum for månadene september-desember, men gjennomsnittsummen pr. butikk ligg på 22.000 kr

Søknads-rush

Distriktssenteret fekk eit rush av søknader då ordninga med straumstøtte for Merkur-butikkar vart lansert i midten av desember.

Det vart sett av ekstra ressursar for å få ei raskast mogleg behandling av søknadene, og dei første søkjarane fekk pengar utbetalt like før jul.

Tilskota for desember er for fleire butikkar noko lågare enn for månadene tidlegare i haust, ettersom straumprisen mange stader gjekk ned rett før jul.

Det er utarbeidd eit forholdsvis enkelt søknadsskjema for straumstøtteordninga. Fleire av søknadene er likevel litt mangelfulle, spesielt når det gjeld utrekning av snittpris på straum.

Enøk-tiltak

Den spesielle ordninga med straumstøtte til Merkur-butikkar galdt fram til 31.12.2022. Det er ikkje avklart om det kjem på plass nye støtteordningar eller andre tiltak som kan hjelpe til med å redusere straumkostnadene.

Merkur-programmet arbeider med å få til ei større satsing på enøk-tiltak der vi både gjennom støtteordningane og gjennom kompetanseprogrammet med oppfølging frå Merkur-konsulentane skal prioritere energiøkonomisering både ut frå eit kostnadsperspektiv i butikkane og ut frå eit miljøperspektiv.

Distriktssenteret har orientert Kommunal- og distriktsdepartementet om den alvorlege situasjonen for marginale distriktsbutikkar med høge straumutgifter.

Oppdatert: 15.2.2023