Merkur-programmet  ›  Aktuelt  ›  Fryktar for framtida til mange butikkar
Person med handlevogn i butikk. Foto.
TETT KONTAKT: Distriktssenteret held Kommunal- og distriktsdepartementet orientert om situasjonen for distriktsbutikkane, seier Steinar Fredheim.

Fryktar for framtida til mange butikkar

22. september 2022

Avdelingsdirektør Steinar Fredheim i Distriktssenteret er bekymra for framtida for mange Merkur-butikkar i Sør-Norge.

– Vi har stor forståing for bekymringane og utfordringane mange butikkar har når dei får enorme straumrekningar, seier Steinar Fredheim, som har ansvar for forvaltninga av Merkur-programmet i Distriktssenteret.

I dag er ikkje verkemidla i Merkur-programmet innretta slik at det er mogleg å gje driftsstøtte for  å løyse dei likviditetsufordringane som kjem av store straumrekningar.

– Merkur-programmet skal vere med på å sikre tilgangen til nærbutikk i distrikta. Likevel er ikkje verkemidla våre innretta slik at vi kan gje støtte til driftskostnader. Dette er politisk bestemt, og må eventuelt endrast politisk, forklarar han.

Merkur-programmet har likevel verkemidlar som kan hjelpe på situasjonen for butikkar.

For det første har styret for Merkur programmet sagt at søknadar om investering i enøk-tiltak skal prioriterast. I tillegg kan dei 10 Merkur-konsulentane både gje rådgjeving og gjennom omstillingsordninga gå inn i meir omfattande arbeid for å hjelpe butikkane å finne løysingar.

– Vi har også hyppig kontakt med Kommunal- og distriktsdepartementet, som eig Merkur-programmet, for å halde dei orientert om situasjonen mange butikkar står i og konsekvensen av det.