Merkur-programmet  ›  Aktuelt  ›  Bygda byggjer butikk på dugnad
MAnge folk samla utanfor butikkbygg. Foto.
STÅR PÅ: Her er ein del av dugnadsgjengen som bygger splitter ny butikk på Åfarnes. Foto: Øyvind Berge Sæbjørnsen, NRK

Bygda byggjer butikk på dugnad

7. april 2022

Dugnadsgjengen i Romsdal har stått på i månadsvis for å få ein daglegvarebutikk i bygda. Støtte frå Merkur har vore heilt avgjerande for å kunne realisere planane om ein moderne nærbutikk, seier eldsjelene på Åfarnes i Rauma.

Dei to siste månadene har det vore dugnad nesten kvar dag i den vesle bygda Åfarnes, midt mellom Molde og Åndalsnes. Målet er at den nye butikken skal stå klar til bruk litt over påske.

– Dugnadsånda står sterkt i bygda. Folk er frykteleg flinke til å stille opp når det skjer noko, seier Roy Dahle i dugnadsgjengen til NRK.

Bygdefolket er ikkje berre opptatt av å ha eit butikk-tilbod. Det som er rundt butikken, er også viktig. Det handlar om post, tipping – og at butikken fungerer som eit samlingspunkt for innbyggarane:

– Før gjekk folk på besøk til kvarandre utan å ringe på førehand og spørje. Sånn er det ikkje lenger. Men på butikken kan du tilfeldigvis møte på kjente og slå av ein prat der, seier Roy Dahle til NRK.

SJÅ TV-REPORTASJE: Dugnadsbygda Åfarnes (10:19) NRK Møre og Romsdal

Redningsaksjon

Åfarnes hadde ein storkiosk ved kaia, med post, apotekvarer, varmmat og eit avgrensa utval med daglegvarer Men då det vart klart at bygget måtte rivast for å gi plass til gassferjer og ny ferjekai, valde eigarane å avvikle drifta.

Sju eldsjeler i bygda sett så i gang ein redningsaksjon for å behalde tilbodet. Dei etablerte ein liten daglegvarebutikk for å halde oppe ei mellombels drift, samtidig som det vart sett i gang planlegging av ein heilt ny butikk med eit fullverdig utval av daglegvarer.

Løysinga vart å kjøpe ei tomt der det stod eit eldre kombinert post- og bankbygg. Dette bygget vart rive og erstatta av eit prefabrikkert industribygg. I løpet av april månad skal dette blir til Joker Åfarnes.

INDUSTRIBYGG: Det nye butikkbygget på Åfarnes ligg strategisk plassert, like ved riksvegen og ferjekaia. Foto: Stig Olson

Støtte frå Merkur

Eldsjelene på Åfarnes tok tidleg kontakt med Merkur og har hatt dialog undervegs i prosessen med nyetablering. Merkur-konsulent Stig Olson har hatt fleire møter med initiativtakarane og gitt gode råd. Merkur har i tillegg gitt 600.000 kr i investeringsstøtte i 2021 og 600.000 kr i 2022.

– Støtte frå Merkur har vore avgjerande for dette prosjektet, seier Jo-Andre Herje og Therese Reiten Antonsen på Åfarnes.

Både riving av gamlebygget og mykje av arbeidet med nybygget har skjedd på dugnad. Da NRK Møre og Romsdal besøkte butikken, var over 20 personar engasjert samtidig.

– Alle dugnadsprosjekt handlar om at det er nokre eldsjeler som går føre og tar tak. Her er mange eldsjeler som drar i kvar sine prosjekt. Her i bygda seier vi: «Det er lett. Dette fiksar vi. Dette gjer vi samen», fortel bygdefolk i NRK-reportasjen.

Ei aktiv bygd

Åfarnes er ei bygd med 350 innbyggarar i Rauma kommune i Møre og Romsdal, lokalisert ved ferjesambandet Åfarnes-Sølsnes. 60 hytter og ein campingplass vil også vere ein del av marknadsgrunnlaget for den nye butikken.

Bygda har oppvekstsenter med barnehage, barneskule og ungdomsskule og eldrebustad. Med stor dugnadsinnsats har bygda også fått nytt fotballanlegg med kunstgras, fleirbrukshus og friidrettsanlegg under bygging.

Frå butikken til kommunesenteret Åndalsnes er det 32 km. Utan butikk på Åfarnes ville folk måtte reise 12 km til nærmaste alternative innkjøpsstad.

Kommune-delsenter

Rauma kommune ønskjer å utvikle Åfarnes som kommunedelsenter og meiner at ein fullverdig daglegvarebutikk vil bidra positivt til kommuneøkonomien gjennom å styrke det lokale næringslivet og skape nye arbeidsplassar.

– Butikken vil ha stor betydning for hverdagen til innbyggerne lokalt, i å begrense unødig reising, samt øke bolyst i et område hvor vi i Rauma forsøker å legge til rette for folketalsvekst.

For kommunen kan det også være viktig med et servicested for andre tjenester senere. Kommunen har en målsetting om at flere av innbyggerne skal kunne bo hjemme lengre. Levering av varer hjem kan kanskje være en framtidig oppgave som en butikk på Åfarnes kan bidra med, skriv ordførar Yvonne Wold i en uttale frå Rauma kommune.

LES MEIR: Bygda som står saman og satsar på dugnad (NRK Møre og Romsdal)

Eigedomsselskap og driftsselskap

Den nye butikken på Åfarnes er organisert som to selskap: eit eigedomsselskap som står for reisinga av industribygget, og eit driftsselskap som står for drifta av butikken.

Dette er ein modell som Merkur ofte anbefaler ved etablering av bygdeeigde butikkar.

Eigedomsselskapet Herjeskjæret AS har fått støtte av Merkur til å føre opp nytt bygg. Bygget er elles finansiert gjennom lån, kommunalt næringsfond og eigne midlar.

Driftsselskapet Kaia landhandel AS vart etablert av sju lokalpersonar for å sikre butikktilbodet på Åfarnes. Seinare har selskapet invitert heile bygda til å kjøpe aksjar. Dette selskapet skal leige lokale hos eigedomsselskapet og skal stå for butikkdrifta framover.

Kaia landhandel AS har fått støtte frå Merkur til kjøl og frys, elektroniske hyllekantar, sjølvbetjeningskasser og anna inventar som er nødvendig for butikkdrift. Selskapet har også tatt opp lån i bank.