Merkur-programmet  ›  Aktuelt  ›  Kariann har Årets butikk i vest
Bilde for Kariann har Årets butikk i vest
VINNAR: Kariann Ekren har bygt opp ein omfattande servicetilbod rundt nærbutikken i Masfjorden.

Kariann har Årets butikk i vest

1. desember 2021

Nærbutikken Kvingo har gjennom fleire år satsa på tilleggstenester og har i dag eit omfattande servicetilbod for både tilreisande og fastbuande i Masfjorden. Kjøpmann Kariann Ekren har fått Merkurs pris for Årets nærbutikk i region Vest.

Prisen for Årets butikk blir delt ut etter ei samla vurdering av butikk-kvalitet, økonomisk utvikling og butikkens samspel med lokalsamfunnet for 56 nærbutikkar i Hordalands-regionen.

Prisen vart delt ut av Distriktssenteret på ei samling for Merkur-butikkar i Bergen.

Store investeringar

Årets Merkur-butikk er ei familiebedrift som starta i 2009. Kariann Ekren fekk ei bratt læringskurve då ho starta som butikksjef tidleg i 20-åra.  Ho oppdaga raskt at kundegrunnlaget var i minste laget for å drive ein tradisjonell nærbutikk. Det var heilt naudsynt å få fleire bein å stå på i form av tilleggstenester dersom butikken skulle få lønnsam drift.

– Gjennom hardt arbeid og langsiktig satsing har butikken klart å utvide servicetilbod og tenester jamt og trutt. Butikken framstår no som ein spennande og attraktivt stad for både handel og opplevingar og har blitt ein triveleg møteplass i bygda, heiter det i grunngjevinga for prisen.

Butikken har over fleire år gjennomført mange og store investeringar, med økonomisk støtte frå Merkur. Underskot dei første åra er snudd til pluss i rekneskapen og likviditeten har blitt styrkt.

Pub og bubilparkering

I tillegg til tradisjonelle tilleggstenester som drivstoff, pakkeutlevering, apotekutsal og tipping, har butikken fått kjøkken for servering av varmmat i den koselege kafeen med tilhøyrande pub. Her er også eit stort selskapslokale.

Då butikken arrangerte eigen konsert med Vamp i sommar, skule lokalet fungere som plan B i tilfelle regn. Men heldigvis var vêrgudane på butikkens side slik at konserten kunne gå av stabelen utandørs, på plassen rett utanfor butikken.

VAMP: Det er ikkje så mange nærbutikkar som tar sjansen på å invitere til konsert med Vamp, rett utanfor butikkdøra.

Nærbutikken på Kvingo har snudd kvar stein for å finne nye og gode løysingar for butikkdrifta. Famillien har også sprengt vekk ein stor fjellknaus, for å kunne gi plass for bobilparkering. No blir tilbodet marknadsført som «Butikk, bubilcamp og kafé».

Aktiv i lokalsamfunnet

I disse dagar blir det landa ein samarbeidsavtale med kommunen der butikken skal få ei årleg godtgjersle for vedlikehald av offentleg toalett.

Kjøpmann Kariann Ekren er aktiv i lokalmiljøet og er folkevald i Masfjorden kommunestyre. Ho sit også i kjøpmannsrådet for alle butikkar i Nærbutikken-kjeden og er styremedlem i NGIR, det lokale renovasjonsselskapet.

Butikksjefen er god på marknadsføring og Merkur har ved flere høve nytta ho til å halde inspirasjonsforedrag om aktiv bruk av Facebook.