Merkur-programmet  ›  Aktuelt  ›  Butikken er bygdas møteplass
Mange personer samlet rundt flere langbord. Foto.
MIDDAG: Tilbod om middagsservering samlar både små og store på nærbutikken i Kvammen. Foto: David Zadig.

Butikken er bygdas møteplass

9. november 2021

Nærbutikken har blitt den mest brukte møteplassen for bygdefolket i Kvammen. Butikken inviterer til seniortreff kvar onsdag og laurdagskafé for unge og gamle, i samarbeid med lokale lag og organisasjonar.

Butikken har blitt limet i den vesle bygda Kvammen i Askvoll kommune i Vestland. Her møtest små og store både til handel og til felles aktivitetar.

Vegg i vegg med den moderne butikken er det bygt opp eit fleksibelt forsamlingshus med storkjøkken. Kjøpmann Renate Berg er utdanna kokk og kan sjølv ta ansvar for serveringa.

Utanfor butikken er det leikeplass og fotballbane, i tillegg til drivstoffanlegg, Allaktivitetsbygget som kafélokalet er ein del av, inneheld også treningsstudio og lokale for fotterapi.

Bygda eig butikken og aktivitetsbygget gjennom etablering av eit folkeaksjeselskap. Stor dugnadsinnsats har vore ein føresetnad for å få på plass eit breitt servicetilbod.

Sjå film om møteplassen i Kvammen

Populært seniortreff

Kvar onsdag inviterer butikken til seniortreff, i samarbeid med frivillige lag og organisasjonar. Her får dei eldre treffe kvarandre og handle daglegvarer.

En voksen og to barn. Med middagstallerkner. Foto.
TREFFPUNKT: Butikken og kafelokalet er det mest brukte treffpunktet i lokalsamfunnet. Foto: David Zadig

Pensjonistar som har vanskeleg for å kome seg til butikken på eigen hand, blir henta med drosje. Transporten blir sponsa av fylkeskommunen gjennom ordninga med serviceskyss.

No har eldrekaféen blitt så populær at pensjonistar frå kommunesenteret også tar turen til Kvammen.

Samarbeid med frivillige

Laurdag er den mest sosiale dagen på Joker-butikken. Då er det ofte laurdagskafé for både små og store. Lokale lag og organisasjonar skiftar om å ha ansvar for opplegget og får inntekt på sal av mat og kaffi. Av og til blir det lagt opp til praktiske aktivitetar, som for eksempel førstehjelpskurs.

Laurdagskafeen vart etablert for å demme opp for handelslekkasjen mot regionsenteret Førde i nabokommunen.

Nokre dagar er det tilbod om middagsservering.  «Har du lyst å sleppe å lage middag?», spør butikken og ber interesserte om å melde seg på.

Kafélokalet blir også brukt som pub og arena for julemesse. Lokalet blir leigd ut til konfirmasjonar og andre selskap. I påska blir Førdefjorddagen markert i samarbeid med Førdefjorden Vel.

Kommunal service

Kvammen Handel har godt samarbeid med Askvoll kommune og har status som kommunalt servicepunkt. Butikken leverer daglegvarer til skule og barnehage og pakkar varer for eldre som får leveransar gjennom heimetenesta.

Etter at serviceavtalen med kommunen kom på plass, har Joker-butikken har fått ei rolle som turistinformasjon og butikken har fått opp ein stor infoskjerm der kommunen kan legge ut meldingar. Butikken har også starta utlån av bøker, i samarbeid med det kommunale biblioteket. Butikken tilbyr elles gratis internett, pc-utlån og hjelp til ulike praktiske gjeremål.

Tre personer med bøker. Foto.
BOKUTLÅN: Ordførar Ole André Klausen opna kommunalt bokutlån på butikken, saman med biblioteksjef Linda Strand og kjøpmann Renate Berg (t.h.).

– Serviceavtalen gir kommunen ein fin sjanse til å kome nærare innbyggarane. Det er viktig at folk opplever tenestene våre som nære og mogleg å få tak i, seier ordførar Ole André Klausen i Askvoll.

Seks gode grunnar for suksess

Kvammen Handel trekkjer sjølv fram seks suksesskriterium for ein distriktsbutikk:

  1. Trivelege lokale og personar som byr på seg sjølve
  2. Godt samarbeid med lokale frivillige organisasjonar
  3. Godt samarbeid med kommunen
  4. Rådgjeving og støtte frå Merkur-programmet
  5. Folk som «tar eit tak»
  6. Lojale kundar

Dette betyr nærbutikken for bygda

  • Folk i bygda kan handle daglegvarer lokalt
  • Tilbod om posttenester
  • Eldre kan bu lenger heime
  • Sosiale møteplassar på tvers av aldersgrenser
  • Trivsel
  • Tilflytting