Merkur-programmet  ›  Aktuelt  ›  Merkur-pris til «Handlebuss-butikken»
Tre personer med diplom og blomst. Foto.
BEST I SØRVEST: Kjøpmann Gunn Vikingstad fekk pris for beste nærbutikk på Sørvestlandet. T.v. avdelingsleiar Steinar Fredheim, Merkur, og Merkur-konsulent Lars Helgeland.

Merkur-pris til «Handlebuss-butikken»

16. september 2021

Joker Vindafjord har fått pris som Årets butikk på Sørvestlandet. Butikken samarbeider med kommunen om å hente eldre kundar med «handlebuss» og legg også til rette for mange andre aktivitetar for lokalsamfunnet.

– Butikken i Vindafjord er ein ekte distriktsbutikk med lojale kundar og god drift.  Gjennom praktiske tenester som er lønsame for butikken, sparer den kostnader for kommunen og er til glede for eldre i bygda, blir det sagt i grunngjevinga for prisen.

Prisen for årets beste nærbutikk i Rogaland og Sunnhordland vart delt ut på Merkurs kjøpmannskonferanse på Utsira.

Helseførebyggande

Kjøpmann Gunn Vikingstad har bakgrunn frå helse- og sosialsektoren i Vindafjord kommune og er no inne i sitt sjette år som kjøpmann. Ho er opptatt av butikken sitt samspel med lokalsamfunnet, på ulike måtar. Samarbeidet med kommunen om handlebuss har gitt denne butikken nasjonal merksemd.

Ein gong i veka køyrer handlebussen rundt for å hente eldre, som ikkje kjem seg til butikken på eiga hand. Denne dagen får dei både handle daglegvarer og tid til ein prat over ein kaffikopp. Sjåføren køyrer heim til kvar enkelt og hjelper gjerne til med å få varene heilt inn på kjøkkenet.

– Handlebussen er eit helseførebyggande tiltak som har gitt kvar kunde ein heilt ny møteplass, matglede og gode matvarer heim til eige hus, seier kommunalsjef Anne Sofie Sandvik i Vindafjord kommune.

Treningsrom

Butikken i Vindafjord har også andre helsefremjande tiltak. I kjellaren er der treningsrom, der kundane kan få kjøpe månadskort eller dagskort. «Drøsestova» er bygdas møteplass, både for store og små.

Nærbutikken samarbeider også med kommunen om utlån av bøker. Kundane kan bestille bøker på nett og få dei utlevert på butikken. Eller dei kan låne bøker frå bokkassa, utan førehandsbestilling.

I tillegg til dette tilbyr butikken utlån av verktøy, sal av fiskeutstyr, strikkegarn og gåveutsal.