Merkur-programmet  ›  Aktuelt  ›  Hyttefolk skapar verdiar på lokalbutikken
Oversiktsbilde med hytter. Foto.
LOKAL HANDEL: I Oppland og Buskerud reknar ein med at kvar fritidsbustad blir brukt kring 60 døgn i året. Her frå Hafjell i Øyer kommune. Foto: Norsk Turistutvikling.

Hyttefolk skapar verdiar på lokalbutikken

22. juni 2020

Ein fritidsbustad kan bety 30 000 kroner i årleg omsetnad for den lokale nærbutikken. Dette viser kor viktige deltidsinnbyggarane er for mange lokalsamfunn.

Deltidsinnbyggarane kjenner ofte sterk tilknyting til regionen der fritidsbustaden ligg, og i mange samanhengar er dei gode ambassadørar og bidreg til lokal verdiskaping gjennom forbruk, dugnadsinnsats og lokalt engasjement, i følgje ein analyse som Norsk Turistutvikling har gjennomført for Distriktssenteret.

Rapporten er basert på gjennomgang av fleire undersøkingar om fritidsbustader som Norsk Turistutvikling har gjennomført ved typiske fjelldestinasjonar i Austlandsområdet.

500 kr pr. dag

I Oppland og Buskerud reknar ein i dag med at kvar fritidsbustad blir brukt kring 60 døgn i året. Tala viser at dei brukar ca. 500 kroner dagen på handel i nærbutikken. Dette fører til ei vesentleg verdiskaping for mange lokalbutikkar.

Deltidsinnbyggjaren er ofte lojal og ønskjer å støtte opp om lokal handel. 94 prosent av dei som har hytte i Sel kommune seier dei nyttar seg av lokale matvarer når dei er på fritidsbustaden.

I tillegg nyttar to av tre seg av lokale faghandelstilbod. Mange seier at dei handlar lokal mat for å støtte lokale bønder og lokalt næringsliv.

Hyttefolk bryr seg

Hytteforbodet i mars og april gjorde koplinga mellom deltidsinnbyggar og lokalbutikk veldig tydeleg. Mange nærbutikkar i fritidsbustadkommunar fekk ein drastisk omsetningssvikt under hytteforbodet. Samtidig har vi sett døme på at hyttefolket gjorde ein stor innsats for å sikre inntekt til «sin» lokalbutikk då hytteforbodet ramma påskeutfarten.

Til dømes fekk Joker Atnabrua etter innsamling 100 000 kr som kompensasjon for manglande påsketrafikk. Det vart også samla inn eit betydeleg beløp frå deltidsinnbyggarane til Joker Dagali i løpet av påska. Og i Borteli i Åseral kommune bestilte mange varer frå lokalbutikken i hytteområdet og fekk levert dette heime i Kristiansand. Underdalsbui i Aurland kommune såg moglegheitene i netthandel og har fått eit oppsving i salet av lokalproduserte varer i sin nettbutikk.

LES MEIR:

Distriktssenteret: Deltidsinnbyggaren skapar verdiar på lokalbutikken (kronikk)
Norsk Turistutvikling: Analyse på kopling mellom deltidsinnbyggar og lokalbutikk (analyse)