Merkur-programmet  ›  Aktuelt  ›  Suldal kommune handlar lokalt
2 personar i kassen på butikk. Foto.
SEL TIL KOMMUNEN: Dagleg leiar Kjersti Eikemo Tveit (t.h.) ved Nærbutikken Nesflaten har fått avtale med Suldal kommune om levering av daglegvarer til oppvekstsenteret i bygda.

Suldal kommune handlar lokalt

15. februar 2018

Suldal kommune i Rogaland har signert avtale med fem nærbutikkar om offentlege innkjøp til skular og barnehagar. Kommunen har valt å handle lokalt i staden for å satse på ein interkommunal innkjøpsavtale, som legg til rette for leveransar frå store grossistar. – Vi har lagt vekt på nærleik til butikken og service, seier økonomirådgivar Ronny Mehus Rugland i Suldal kommune.

Avtalen med kommunen er viktig for dei fem Merkur-butikkane fordi leveransane til skule og barnehage står for om lag fem prosent av den totale årsomsetninga for butikkane.

Det er Nærbutikken Nesflaten og Joker-butikkane i Suldalsosen, Vatlandsvåg, Jelsa og Erfjord som no har fått eit to-årig rammeavtale  for innkjøp av matvarer til oppvekstsektoren. Avtalen representerer ei omsetning på mellom 200.000 og 400.000 kr pr. butikk.

Innkjøpsavtalen omfattar sal av daglegvarer til fire skular, fire barnehagar, to oppvekstsenter og eit introsenter.

Pris, service og miljø

Suldal kommune har følgt lov om offentlege innkjøp og lagt opp til ei anbodskonkurranse der kommunen er delt opp i fem konkurranseområde, tilpassa skulekrinsane. Butikkar som ville delta i konkurransen, kunne krysse av for kva for område dei ville levere tilbod på.

Tilboda frå butikkane er vurdert på bakgrunn av pris, service og miljø, der prisen tel 40 prosent, service og lokal tilknyting tel 50 prosent og miljø tel 10 prosent. Kommunen har valt å leggje vekt på nærleik til butikken, fordi det er viktig ved sporadiske og akutte behov.

– Det betyr mykje for barnehagane at lokalbutikken har utkøyring av mat på morgonkvisten og lokalbutikken kan svinge innom med ekstra varer ved behov. Ekstra service som oppkutting av brød, tel også positivt. Lokalbutikkane er også positive til å ta inn varer som vi ønskjer, seier økonomirådgjevar Ronny Mehus Rugland i Suldal kommune.

Lære av Suldal

Merkur har jobba aktivt saman med butikkane i Suldal for at kommunen skulle gjennomføre offentlege innkjøp på ein slik måte at dei lokale butikkane fekk høve til å delta i konkurransen.

– Vi er stolte av Suldal kommune, som forstår kor viktig det er med lokal handel. Mange distriktskommunar har mykje å lære av Suldal når det gjeld offentlege innkjøp og vilje til å legge forholda til rette for nærbutikkane, seier Merkur-konsulent Lars Helgeland.

Distriktskommunar som gjennomfører offentlege innkjøp i eigen regi, står friare til å bestemme kva for kriterium som skal brukast for å vurdere anbod. Dei kan også i større grad dele opp leveransane, slik at mindre leverandørarar kan konkurrere.

“Mange distriktskommunar har mykje å lære av Suldal når det gjeld offentlege innkjøp og vilje til å legge forholda til rette for nærbutikkane. ”

— Merkur-konsulent Lars Helgeland.

Stavanger kommune valde å ta leveransar til skule og SFO på ei av øyane utanfor byen ut av rammeavtalen for offentlege innkjøp, slik at det vart mogleg for nærbutikken på Vassøy å konkurrere om leveransane. Kommunen jobba aktivt for å finne ei løysing som sikra god konkurranse innanfor regelverket for offentlege innkjøp. På denne måten fekk Nærbutikken på Vassøy kontrakt med Stavanger kommune om å levere daglegvarer til skulen og barnehagen – etter tre år med leveringsstopp.

LES MEIR: Vassøy fikk tilbake offentlige innkjøp

Sviktar næringslivet

Kommunane har rom for å handle lokalt på nærbutikken, når det gjeld såkalla «bagatellmessige innkjøp».

Men mange kommunar har gått inn i samarbeid med andre kommunar om felles innkjøp. Slike innkjøps-samarbeid må følgje strengare reglar for offentlege innkjøp, fordi den samla verdien av innkjøpa blir så stor. Krava til tilbydarane blir så omfattande at det kunn blir store leverandørar som er i stand til å gi tilbod.

Resultatet av ein slik politikk blir gjerne at dei offentlege innkjøpa går til store firma i nærmaste by. Distriktskommunar kan på denne måten vere med på å rive bort grunnlaget for eigne butikkar, noko som gir tap av både service, arbeidsplassar og skatteinntekter.

LES MEIR: Kommunen kan handle lokalt