Merkur-programmet  ›  Aktuelt  ›  – Merkur har gitt gode resultat
Stortingsmelding
SATSAR: Regjeringa varslar at dei vil satse vidare på Merkur som verktøy i distriktspolitikken.

– Merkur har gitt gode resultat

17. februar 2017

Merkur-programmet får positiv omtale i den nye stortingsmeldinga om by- og regionalpolitikk.  – Merkur har oppnådd gode resultat gjennom 20 år. Erfaringane viser at butikkutvikling er ein god og effektiv måte å drive lokalsamfunnsutvikling på, går det fram av Stortingsmelding 18 «Bærekraftige byer og sterke distrikt».

Regjeringa varslar at den vil utvikle Merkur vidare for å fremje tilgang på grunnleggande tenester i område med få innbyggjarar.

I løpet av våren vil det bli lansert ei ny satsing overfor dei aller minste butikkane. I ein del tynt folkesette område er den lokale marknaden så marginal at det er særs krevjande å drive lønsamt. Dette er likevel butikkar med viktige servicefunksjonar i lokalsamfunnet. Derfor har departementet gjeve klarsignal for ei ny ordning med 100.000 kr i driftsstøtte til butikkar med omsetnad på under 3 millionar kroner.

Grunnleggande service

Stortingsmeldinga slår fast at daglegvarebutikkane tilbyr grunnleggjande kommersiell service, både for privatpersonar og for lokale verksemder. Dette omfattar mellom anna sal av daglegvarer og drivstoff, posttenester, apotek og betalingstenester. Butikken er møteplass og lokalt servicesenter.

Næringslivet i distrikta er avhengig av gode rammevilkår i form av eit minimum av kommersiell service. Turistnæringa (også hytteturistane) har behov for lokalsamfunn med god service, inkludert sal av daglegvarer og andre tenester. Dei fleste små butikkar slit med økonomien. Butikkane ligg gjerne i tynt folkesette område der befolkninga er aldrande, samtidig som mobiliteten aukar blant den delen av befolkninga som utgjer den yngste og mest kjøpesterke gruppa. Dette påverkar lønsemda til butikken.

– Regjeringa vil medverke til grunnleggjande kommersiell service i tynt folkesette område, slik at kvardagen fungerer tilfredsstillande for både innbyggjarar og verksemder gjennom Merkur-programmet, går det fram av meldinga.

Har hatt betre utvikling

Stortingsmeldinga slår fast at Merkur-programmet har oppnådd gode resultat gjennom 20 år. Butikkar som har delteke i programmet, har hatt betre omsetningsutvikling enn andre distriktsbutikkar. Butikkar som har fått investeringsstøtte, har betre omsetningsutvikling enn andre Merkur-butikkar.

Kvar butikken ligg, kundekretsen, kva anna næringsliv som finst i nærleiken, har mykje å seie for kva ressursar og moglegheiter kvar einskild butikk har til å utvikle seg. Departementet ser at det er aukande behov for skreddarsaum for å følgje opp og utvikle den einskilde butikken.

Å knyte fleire funksjonar til butikken, aktivitetar, fleire tenester og/eller produkt viser seg å styrkje overlevingsevna til butikken.

Samarbeid med kommunane

Mange kommunar samarbeider aktivt med lokale butikkar, slik at butikken formidlar kommunal informasjon, låner ut bøker, driv miljøstasjon, turistinformasjon og liknande. Erfaringane viser at butikkutvikling er ein god og effektiv måte å drive lokalsamfunnsutvikling på. Små butikkar i distrikta har potensial for å fungere som samfunnsentreprenørar. Mange butikkar speler ei aktiv rolle ved at den som driv butikken, set i gang ny næringsverksemd for å styrkje inntektsgrunnlaget.

Nokre distriktsbutikkar har teke imot flyktningar for å tilby språk- og arbeidspraksis, med godt resultat. Dette viser at butikkane kan spele ei rolle i integreringa òg I stortingsmeldinga er butikken på Foldereid i Nord-Trøndelag trekt fram som eksempel på dette.

skjermdump frå stortingsmelding
FRÅ STORTINGSMELDINGA: Foldereid i Nord-Trøndelag blir trekt fram som eksempel på integrering på nærbutikken.

I kommunar med mange eldre speler butikken ei viktig rolle som sosial møteplass. Nokre distriktsbutikkar har transport- og bringetenester for eldre utan bil og førarkort. Regjeringa vil leggje til rette for at Merkur kan utvikle samarbeidet mellom kommunane og butikkane, slik at servicetilbodet blir forbetra.

Regjeringa vil utvikle Merkur vidare for å fremje tilgang på grunnleggande tenester i område med få innbyggjarar. Kommunal- og moderniseringsdepartementet har bede Merkur om å fokusere sterkare på butikkar i dei mest perifere områda, og leggje vekt på det som kan definerast som grunnleggjande tenester. Samstundes framhevar departementet at Merkur skal prioritere tilleggstenester som aukar lønsemda til den einskilde daglegvarebutikken.