Merkur-programmet  ›  Aktuelt  ›  Vart integrert på nærbutikken
Person i kassen i butikk. Foto.
SPRÅK-PRAKSIS: Nærbutikken var ein perfekt plass å få språk-praksis for Maria Thais Lopes. Foto: Camilla Brugrand, Firda

Vart integrert på nærbutikken

22. januar 2016

Ho flytta til Norge utan å ha verken jobb eller norsk-kunnskapar. Gjennom praksis-plass på nærbutikken fekk Maria lære norsk, samtidig som ho vart kjent med bygdefolket. No har innvandraren frå Brasil fått fast jobb på bygdebutikken.

– Eg ønskte å tene mine eigne pengar og ikkje vere avhengig av mannen min, seier Maria Thais Lopes da Costa frå Brasil til avisa Firda.

Maria kom til Norge for tre år sidan, etter å ha blitt saman med ein nordmann. Paret slo seg ned i bygda Vevringi Sogn og Fjordane, der mannen kjem frå.

Takka vere praksis-plass på nærbutikken har Maria blitt godt integrert i bygdesamfunnet. Kjøpmann Marianne Apalseth rosar den nye medarbeidaren sin for engasjement og humør.

Frå praksis til fast arbeid

Maria var motivert for å lære seg både språket og bygdefolket å kjenne, då ho kom til landet som innvandrar. Ho stod opp kvar dag klokka seks for å ta bussen inn til Norsksenteret i Førde.

Etter grunnopplæringa var ho på jakt etter ein praksisplass, for å få meir språk- og arbeidstrening. Sidan Maria ikkje har førarkort, var ho avhengig å finne ein stad med gang-avstand. Då dukka ideen om nærbutikken i Vevring opp.

– Då det var snakk om at Maria trengde praksis, fekk ho svaret ja på flekken. Vi hadde allereie blitt litt kjend med ho og syntest ho verka som ei arbeidsam og grei dame, seier Marianne Apalseth, som har drive butikken i 19 år.

Dei seks obligatoriske vekene vart forlenga av NAV til seks månadar. Deretter sikra ho seg fast jobb på butikken og fekk som bonus fleksible arbeidstimar som vaskehjelp på skulen.

Tid til samtale

Ho fortel at ho var svært nervøs dei fyrste fredagane ho skulle arbeide på butikken.

– Eg spurde Marianne om alt mellom himmel og jord. Tok bilde av korleis ting skulle gjerast og lagra det på telefonen. Posten var det vanskelegaste, butikkassa og tippinga tok eg fort, fortel Maria til Firda.

FÅR ROS: Kjøpmann Marianne Apalseth er godt fornøgd med den innvandra butikk-medarbeidaren. Faksimile: Firda 2.1.2016

Nærbutikken i Vevring er ikkje som store supermarknader. Her tek dei tilsette seg tid til å sette på kaffien om kundane har eitt minutt til overs.

– Eg er glad for at eg fekk jobb her og ikkje i ein større butikk i Førde. Den gode samtalen med kundane er viktig, seier ho til avisa.

Møtet med bygdefolket

– I utgangspunktet er det ikkje så lett å komme i kontakt med nordmenn, seier Maria til Firda.

Brasilianarar helsar ofte med ein klem, i Norge er det meir akseptert med eit hei og ein vink.

Maria har blitt svært godt mottatt i bygdesamfunnet, det også bur andre med utanlandsk opphav. Ho har fått smaken på vestlandsk tradisjonsmatsom pinnekjøt og kålrabistappe, samtidig som ho ønskjer å halde oppe sine eigne mattradisjonar. Medan ho gjekk på Norsksenteret, inviterte ho like godt alle medelevane til brasiliansk fiskesuppe i Vevring.

No er ho ute i permisjon, med fire månader gamle Nicolas. Men til sommaren skal ho tilbake til jobb på butikken.