Merkur-programmet  ›  Aktuelt  ›  Opnar campingplass for å redde butikken
Mange personer framfor campinghytte. Foto.
DUGNADSGJENG: Dugnadsånda er sterk på Urke. Her er dugnadsgjengen som har rusta opp den nedlagde campingplassen.  Foto: Møre-Nytt

Opnar campingplass for å redde butikken

30. juli 2014

Driftige sunnmøringar går nye vegar for å halde oppe nærbutikken. Bygdefolket på Urke i Ørsta har denne veka fått gjenopna den gamle campingplassen, som vart nedlagt for fire år sidan. Alle inntekter frå camping-drifta skal gå til drift av bygdas nærbutikk.

I seks veker har ein flittig dugnadsgjeng på Urke stått på med oppussing av campingplassområdet og dei åtte hyttene der. Optimisme er drivkrafta for prosjektet, som skal sikre både liv og røre i bygda og pengar i kassa for nærbutikken, fortel lokalavisa Møre-Nytt.

Urke Camping vart nedlagt for fire år sidan, men no har dei siste eigarane, Kjellfrid og Jo Prestegarden, ordna ein kontrakt som sikrar vidare drift. Butikken skal vere administrasjonssenter, og klausulen er at overskotet frå campingplassen skal gå til drift av butikken. Bygdefolket jublar for denne løysinga:

– Då kan vi bevare lokalsamfunnet og få liv i bygda. Samstundes vil folk som bur på campingplassen gi auka omsetnad i butikken. Berre ved å bu på campingen, støttar ein eit heilt lokalsamfunn, seier Tone Rønning og Erlend Urkegjerde, som begge sit i butikkstyret.

Personleg preg

Dei små campinghyttene frå 60-talet har vorte kreativt innreidd. Innbyggjarane på Urke har fått ansvar for kvar sine hytter, og har hatt frie tøylar til å gjere det dei vil. Resultatet er heilt ulike hytter med personleg preg. Ikkje to hytter er like, og interiøret og kunsten varierer frå retrostil til erotikk.

Vidare er planen å utvide det elektriske nettet så bubilar og campingvogner kan kople seg til og lage til eit felleskjøkken, så også teltbuarar kan få laga seg ein skikkeleg middag.

Bygda Urke ligg midt i Hjørundfjorden. Området er eit eldorado for tur-vandrarar som ønskjer å bestige bratte fjell. Men området er også populært for vanlege turistar som vil oppleve Sunnmørsalpane på nært hald.

Butikken viktig for bygda

Bygdefolket på Urke er usikker på kor stor inntekter dei kan få på campingdrifta den første sesongen.  Målet er at campingen skal dekkje inn noko av underskotet i drifta, som i fjor var på førti tusen kroner.

Butikken på Urke er ikkje inne i noka kjede, men er eigd av bygdefolket og grendelaget gjennom aksjepostar. Urke landhandel deltar i Merkur-programmet.

– Butikken betyr alt. Han er det viktigaste vi har i bygda. Alle gjer det dei kan for å bidra til at han kan leve vidare, seier Erlend Urkegjerde til Møre-Nytt.

– Det byrjar verte mange pensjonistar i bygda. Mange av dei har ikkje bil. For dei vert det vanskeleg å reise til Sæbø, Ørsta eller Hellesylt for å handle.

Tone Rønning understrekar at butikken er eit samlingspunkt med post, bensin, medisinutsal og daglegvarer. I tillegg gir han viktige arbeidsplassar i den vesle bygda.

Urke camping 3.JPG
RETROSTIL: Denne hytta har fått ein sjarmerande retro-stil etter oppussinga.

Dugnadsånd

Urke er ei bygd med sterk dugnadsånd:

– Det er noko spesielt med Urke. Dei som kjem her ifrå og har vekse opp her, kjem tilbake. Dei brukar husa, og vil at borna deira også skal få oppleve plassen. Det er ein vilje til å hjelpe til som er heilt unik. Uansett kva det gjeld, er det ikkje noko problem å få folk til å stille opp, seier Tone Rønning til Møre-Nytt.

Opprusting av campingplassen og sikring av butikken er første steg for å utvikle bygda. Det langsiktige målet er å få folk til å flytte dit med familiane sine. Derfor blir det jobba med tilrettelegging av både hyttetomter og bustadtomter.