Merkur-programmet  ›  Aktuelt  ›  Få distrikts-butikkar blir lagt ned
Mange personar utanfor butikkbygg. Foto.

Få distrikts-butikkar blir lagt ned

12. mars 2014

Butikkane i distrikts-Norge er seigliva. I løpet av dei tre siste åra har det berre forsvunne 32 butikkar. Mange butikkar som må stenge dørene, gjenoppstår etter kort tid som eit resultat av lokalt folkeleg engasjement.

– Ein bør slutte å snakke om stor butikkdød mellom norske utkantbutikkar. Ein gjennomgang av Merkurs butikkregister viser at det i kvart fylke blir lagt ned ein butikk annakvart år, seier dagleg leiar Helge Schei i Merkur.

Administrasjonen i Merkur har undersøkt kor mange Merkur-butikkar som har blitt nedlagt og ikkje blitt reetablert i løpet av perioden frå 1.august 2010 til 1.august 2013.  I løpet av desse tre åra forsvann det 32 daglegvarebutikkar i distrikta. Men for tre av butikkane var det arbeid i gang med sikte på nyetablering. Ein av butikkane (Tufsingdalen) fekk ny drift i vinter.

32 butikkar er borte

Merkur får ofte spørsmål om dei små butikkane i distrikta har noko framtid.  Meldingar om nedleggingar og tomme lokale i fleire bygder har skapt eit inntrykk av at det skjer ei omfattande nedlegging.  Dette er bakgrunnen for at Merkur har gått gjennom registeret over dei minste butikkane,  i nært samarbeid med Merkur-konsulentane som kjenner dei lokale forholda i kvart fylke.

Undersøkinga viser at 32 butikkar har blitt borte i løpet av 3 år.  Nordland er det fylket som har hatt flest permanente nedleggingar (6). Men dette fylket er også det som har flest distriktsbutikkar.

566 butikkar er i dag registrert som Merkurs butikkregister. Talet på Merkur-butikkar har ikkje gått dramatisk ned, sjølv om nokre butikkar har stengt dørene. Dette heng saman med at fleire butikkar som ikkje deltok i nettverket tidlegare, har søkt kontakt med Merkur for råd og støtte.

“Utan lokalt engasjement og statleg innsats gjennom Merkur ville talet på nedlagde butikkar ha vore langt høgre.”

— Helge Schei, dagleg leiar Merkur

For liten omsetning

Felles for dei nedlagde butikkane er låg omsetning. Gjennomsnittleg omsetning låg på 3,9 mill. kr det siste driftsåret før butikkane stengde dørene. Halvparten av butikkane hadde ei omsetning på 3 mill. kr eller mindre. Det er langt under det som blir rekna som bedriftsøkonomisk lønnsamt, dersom kjøpmannen ikkje har tilleggsinntekter utover butikkdrifta.

Avstanden til næraste butikk var 12,6 km. Det betyr at dei bygdene som miste butikken sin, fekk relativt lang veg til kjøpmannen.

Etablerer folkebutikk

Nedlegging av ein butikk fører ofte til ei bygdemobilisering. Folk i lokalsamfunnet går saman og etablerer eit nytt selskap som kan føre drifta vidare.  Når heile bygda kjøper aksjar og jobbar dugnad, blir det skapt økonomisk grunnlag for vidare drift.

Stamnes i Nordhordland er eit godt eksempel på dette. Etter eit halvt år utan butikk kunne bygda markere nyopninga med ein folkefest.  Då hadde bygda fått på plass ein aksjekapital på 1,2 mill. kr.

Merkur sine konsulentar spelar ei aktiv rolle i slike prosessar.  Gjennom den såkalla omstillings-ordninga kan konsulentane gå inn som rådgjevarar og støttespelarar for bygdelag som arbeider for å få lokalbutikken på beina igjen. Ordninga med investeringsstøtte gjer det mogleg å få god finansiering av nødvendige investeringar.

Utan  lokalt engasjement og statleg innsats gjennom Merkur ville talet på nedlagde butikkar ha  vore langt høgre.

Små marginar

Dagleg leiar i Merkur, Helge Schei, legg ikkje skjul på at dei små butikkane i distrikta har liten omsetning og små marginar når det gjeld vidare drift. Butikkane er avhengig av fleire faktorar dersom dei skal kunne halde fram med å gi lokalsamfunna tilgang på daglegvarer:

  • Eldsjeler eller idealistar som tar på seg ansvaret med å drive butikk for relativt låg leiarløn
  • Lokal mobilisering når spørsmålet om nedlegging blir reist
  • Merkur-programmet med sine konsulentar
  • Ordninga med investerings- og utviklingsstøtte
  • Butikk-kjeder som tar ansvar også for dei små butikkane i distrikta.

Her er Merkurs nedleggings-rapport.