Hopp til innhaldet
MERKUR
Aktuelt

Seks bygdebutikkar vart redda

Då Coop ville legge ned seks bygdebutikkar, sette Merkur-programmet i gang med ein stor redningsaksjon. I dag er alle butikkane i full drift.

18. november 2025

– Det har vore ein krevjande prosess. På eit tidspunkt trudde eg ikkje at vi skulle klare det. Men plutseleg losna det, seier Merkur-konsulent Vigdis Myhre Næsseth som leia omstillings-prosjektet.

Omstillingsordninga i Merkur-programmet skal hjelpe kjøpmann og bygdesamfunn til å finne nye løysingar når ein nærbutikk står i fare eller har store problem med å få til lønsam drift.

LES: Slik kan butikken få krisehjelp.

Kjøpmannen kan ta kontakt med den lokale Merkur-konsulenten, som har erfaring både med å gjennomføre omstillings-prosessar og få etablert nye butikkar, dersom ein butikk blir nedlagt.

Den vellukka redningsaksjonen som vart gjennomført i Innlandet, er den mest omfattande i Merkur-programmets historie.

Dame med briller

– Min jobb er å vere ei støtte for kjøpmannen og andre privatpersonar som er opptatt av å sikre det servicetilbodet som nærbutikken tilbyr, seier Merkur-konsulent Vigdis Myhre Næsseth.

Sløkte lyset

Det såg mørkt ut for Sel, Søre Osen, Lesjaverk, Atna, Sørskogbygda og Østby då Coop Innlandet varsla at dei ville avvikle den einaste butikken i bygda.

Merkur-konsulenten for Innlandet kom raskt på banen og fekk sett i gang eit stort omstillingsprosjekt. Gjennom tett dialog med butikksjefar, bygdene og kjedene lukkast det å få til gode utviklingsprosessar.

Her er butikkane som vart redda

Joker Sel (tidl. Coop Marked Sel), Sel kommune

Bygda kjøpte butikkeigedommen, kjøpmann driv butikken. Status 2025: I drift

Matkroken Søre Osen (tidl. Coop Marked Søre Osen)
Trysil kommune

Hytteeigar kjøpte butikkeigedommen, kjøpmann driv butikken, bygdefolk kjøpte drivstoffanlegget. Status 2025: I drift

Nærbutikken Lesjaverk (tidl. Coop Marked Lesjaverk), Lesja kommune

Huseigar og kjøpmann etablerte nytt driftsselskap. Status 2025: I drift

Matkroken Atna (tidl. Coop Marked Atna), Stor-Elvdal kommune

Kjøpmann kjøpte butikkeigedommen og etablerte nytt driftsselskap, drivstoffselskap vart selt til andre interessentar. Status 2025: I drift

Snarkjøp Sørskogbygda (tidl. Coop Marked Sørskogbygda), Elverum kommune

Lokal interessent kjøpte butikkeigedommen og etablerte driftsselskap. Status 2025: I drift

Nærbutikken Østby (tidl. Coop Marked Østby), Trysil kommune

Coop-butikken vart lagt ned i 2023 og vart reetablert som Snarkjøp-butikk eit år seinare. Status 2025: I drift