Fristar på slutten av året
Det er viktig å være tidlig ute for å få tilskudd eller utbetaling i år.
Merkur-programmet har ikkje absolutte fristar for å sende inn søknader og utbetalingsoppmodingar. Likevel er det viktig å vere ute så tidleg som mogleg før jul.
Saksbehandlingstid
Vi kan ikkje garantere at alle søknader som blir sendt inn i slutten av november og desember blir ferdig behandla i år. Utbetalingsoppmodingarar må også vere komplette og sendt inn i god tid før jul.
Du må rekne med at det tar 6-8 veker frå vi mottar fullstendig søknad til du frå svar. Dersom vi må returnere søknaden for å få fleire opplysningar, vil det ta lengre tid å få svar på søknaden.
Det har kome inn mange søknader om Merkur-støtte i løpet av november. Søknader vert i hovudsak behandla i den rekkefølga dei kjem inn. Det betyr at søknader som kjem inn i slutten av november og i desember har mindre sjanse for å bli ferdigbehandla i år. Søknader vil då bli overført til 2027.
Utbetalingsanmodningar må også kome inn i god tid før jul, for at vi skal vere sikre på at dei kan bli behandla og betalt ut i år.
Slik kan du sikre kortast mogleg saksbehandlingstid
- Fyll ut alle skjemafelt med tydelege opplysningar og fyldige svar
- Lever alt du skal. Legg ved alle filer som høyrer til søknaden eller utbetalingsoppmodinga, med alle signaturar, bilag, tilbod og rekneskapsopplysningar som høyrer til.