Slik søker du støtte

Søker du for første gong?
Slik opprettar du ein ny brukarkonto
For å sende inn søknad må du registrere ein brukarkonto. Det gjer du slik:
- Gå til regionalforvaltning.no og trykk på “registrer organisasjon” i venstre kolonne.
- Legg inn alle opplysningar i skjema, og lag brukarnamn og passord.
- Etter at du har bekrefta alle opplysninger, blir brukarkontoen din oppretta og du blir sendt til påloggingssida.
- Logg inn, og du er klar til å skrive søknad.

Ha dette klart før du startar
Før du går i gang med å opprette og sende inn søknad, er det det lurt å samle alle dokumenta du treng i ei mappe på datamaskina. Dersom du har dokument på papir, må du skanne desse og legge dei i same mappe.
Gi dokumenta dine enkle filnamn som er lette å kjenne att, som til dømes «Reiseutgifter», «Budsjett og finansieringsplan», «Pristilbod for prosjekt kaffikrok» eller liknande.
Les liste over kva opplysningar og vedlegg du treng lengre nede på sida. Det er forskjellige krav til dei ulike støtteordningane.
Dette må søknaden innehalde
Søknadsskjemaet på regionalforvaltning.no består av felt der du fyller inn nødvendig informasjon. I tillegg er det ein del informasjon som må lastast opp som vedlegg. Det er nokre forskjellar mellom søknadsskjema til kvar enkelt støtteordning.
Kvar søknad må minimum innehalde
- Organisasjonsnummer til undereininga som gjeld butikken (undereiningsnummer/underenhetsnummer/bedriftsnummer)
- Namn på og kontaktinformasjon til søkjaren
- Avstand til næraste innkjøpsalternativ
- Årsomsetning (eks.mva, drivstoff, kraftfor og gjødsel)
- Salsvolum for drivstoff (gjeld støtte til drivstoffanlegg)
- Prosjektskildring av kva du vil søkje om (prosjektbeskrivelse)
- Oversikt over tilleggstenester (gjeld ikkje støtte til drivstoffanlegg)
- Kostnadsplan og finansieringsplan (gjeld ikkje servicestøtte)
Last ned mal - Signert årsrekneskap for føregåande år
- Oversikt over tidlegare offentleg støtte (frå Merkur-programmet, kommunar eller andre offentlege instansar)
Slik kan dette sjå ut i søknadsskjema
Bekreft søknadstype

Om butikken og butikkjede

Omsetning, avstand og tilleggsoppgåver

Om prosjektet (gjeld ikkje servicestøtte)

Om servicetilbodet (berre servicestøtte)

Deltaking i Merkur-programmet

Kostnads- og finansieringsplan

Informasjon om tidlegare mottatt støtte

Last opp vedlegg

Du må minimum laste opp dei vedlegga som er merka som obligatorisk. Pass på at filene står i lista før du bekreftar opplastinga med knappane og går vidare til innsending
Spesielt for investeringsstøtte
- Investeringsobjekt over 50 000,- skal ha pristilbod frå leverandørar.
- Postar under 50 000,- treng ikkje pristilbod, men må spesifiserast (t.d. investeringsobjekt, leverandør, ca.-pris ekskl. mva.)
Spesielt for utviklingsstøtte
- Spesifikasjon av utviklingstiltak med konkrete mål.
Spesielt for servicestøtte
- Årsrekneskap og varegruppe-/nøkkeltal-rapport.
- Spesifikasjon av servicefunksjonar og tilleggstenester med beskriving av planar for å vidareføre desse, og planar om etablering av nye servicefunksjonar.
Spesielt for støtte til drivstoffanlegg
- Dokumentasjon på salsvolum (liter) drivstoff.
- Dokumentasjon på eigarskap.
- Signert årsrekneskap for fjoråret, samt avd.-rekneskap for drivstoffsalet.
- Kopi av leveringsavtale.
- Marknadsundersøking (v/etablering av nytt anlegg)
Er søknaden fullstendig?
Pass godt på at alle felt er rett utfylt, at e-postadresse er rett stava og at alle vedlegg har kome med. Merkur-programmet kan berre behandle fullstendige søknadar, og det sparar deg som søkar for mykje venting og ekstraarbeid dersom du forsikrar deg om at søknaden er korrekt utfylt.
Saksbehandlingstid
Du må rekne med at det tar 6-8 veker frå vi mottar fullstendig søknad til du frå svar. Dersom vi må returnere søknaden for å få fleire opplysningar, vil det ta lengre tid å få svar på søknaden.