For nærbutikk
Desse nærbutikkane kan delta i Merkur-programmet
Merkur er eit kompetanse- og utviklingsprogram for nærbutikkar i Distrikts-Norge. Følgjande kriterium må vere oppfylt for at ein butikk kan delta:
- Butikken må vere einaste daglegvarebutikk i ei bygd eller i eit avgrensa geografisk område.
- Butikken må ligge i god avstand frå større byar.
- Butikken må vere ein fullverdig daglegvarebutikk.
- Butikken bør i tillegg oppfylle minst eitt av punkta under:
- Vere lokalisert på ein stad utan fast vegsamband eller lang avstand, normalt 10 km, til næraste alternative innkjøpsstad.
- Vere valt etter spesiell vurdering som er godkjent av Merkur-konsulent og Distriktssenteret.
Det er eigne vilkår for bokhandlar i Merkur-programmet.
Vil du delta i Merkur-programmet?
Interesserte kjøpmenn kan henvende seg direkte til Merkur-konsulenten i sin region. Konsulentane vil óg kontakte aktuelle butikkar.
