Hopp til innhaldet
MERKUR
For bokhandel

Desse bokhandlane kan delta i Merkur-programmet

Følgende kriterium må vere oppfylt for at ein bokhandel får delta i Merkurs utviklings- og kompetanseprogram:

  • Butikken må vere einaste bokhandel i ein tettstad i distrikta.
  • Butikken må ha si primærverksemd som bokhandel, og vere medlem av Bokhandlerforeningen med litteraturabonnement – minimum grunnabonnement.
  • Spesialbokhandel for studentlitteratur blir ikkje rekna inn under ordninga.
  • Bokhandlaren må vere motivert for å forbetre eiga drift, og vere ein aktiv kulturbærar og bidragsytar i eige lokalsamfunn.
  • Bokhandelen kan vere valt etter spesiell vurdering som er godkjent av Merkur-konsulent og Distriktssenteret.

Vil du delta i Merkur-programmet?

Interesserte bokhandlar kan ta kontakt med Merkur-konsulenten i sin region. Konsulentane vil óg kontakte aktuelle butikkar.
Ei kvinne står og studerer hyllene i ein bokhandel