Kallar ut familien når det trengs
Butikksjef Rita Pettersen og lokalsamfunnet nekta å gi opp nærbutikken. No er Coop Marked Gjerdsvika kåra til Årets Merkur-butikk i Sogn og Fjordane og Sunnmøre.
For nokre år sidan måtte Coop Marked Gjerdsvika ta eit val. Skulle dei avvikle eller investere og utvikle?
Med sterk støtte frå Gjerdsvika Næringsutvikling, vilje til å satse og innføre delvis sjølvbetent drift, valde dei det siste og både butikk og kaffikrok fekk eit realt løft.
I dag er den tidlegare underskotsverksemda snudd til god drift med stødig vekst og sterke resultat.

Tidleg krøkjast. Kjøpmann og prisvinnar Rita Pettersen kallar inn familien i drifta når det trengs. Med på Merkur-konferanse og prisutdeling var også sonen Linus Pettersen (12).
“Det er mange gode kandidatar til prisen som Årets Merkur-butikk. I år valde juryen å løfte fram ein butikk som har snudd utfordringar til moglegheiter og skapt ny optimisme i lokalsamfunnet.”
Ei drivkraft for butikk og bygd
Hovudpersonen i snuoperasjonen er butikksjef Rita Pettersen.
Juryen trekkjer fram den formidable innsatsen hennar for både butikken og bygda. Ho set standarden for korleis butikken skal sjå ut, får med seg dei tilsette og er stadig på jakt etter nye idear. I regionen var ho av dei første som tok i bruk TikTok som marknadskanal.
Og når det verkeleg knip? Då blir også familien kalla ut.
Juryen peikar på at butikken skårar svært høgt på kundetilfredsheit. Det er ingen tilfeldighet.
“Rita har eit kjempeengasjement og står på for å levere gode kundeopplevingar kvar dag. Butikken er heilt i toppen på løpande kundemålingar og butikksjefen er heilt sentral for dei gode resultata.”
Den viktige kaffikråa
Driftssjefen i Coop trekkjer også fram arbeidet hennar med å vidareutvikle butikken som møteplass.
“Rita organiserer slik at kafélokalet kan og blir brukt til ulike aktivitetar; alt ifrå karakveldar til strikkekveldar. Ho er god på drift og jobbar kontinuerleg med forbetring.”

Kaffikråa i Coop Marked Gjerdsvika har fått eit realt løft siste åra.
Ein velfortent pris
Merkur-konsulent Atle Stalheim fortel at Rita Pettersen ikkje er den som tek størst plass.
“Men ho utgjer ein enorm forskjell. For butikken og for bygda har ho vore avgjerande i arbeidet med å snu ein nedleggingstrua butikk til å bli ein attraktiv møteplass med sunn drift og smittande framtidstru.”

Vi gratulerer Coop Marked Gjerdsvika og butikksjef Rita Pettersen med utmerkinga som Årets Merkur-butikk i Sogn og Fjordane og Sunnmøre 2026.

Prisen vart delt ut av Steinar Fredheim, fagdirektør i Distriktssenteret (t.h) og fjorårsvinnarane av Årets butikk frå Joker Luster, (f.v): Gunn Kristin Alme og Marit Einarsrud. I midten, med diplom, ser vi prisvinnar Rita Pettersen. Og ikkje heilt utan rolle i det heile står Merkur-konsulent Atle Stalheim bak kamera.