Hopp til innhaldet
MERKUR
Eksempel nærbutikk

Imponert over innovasjon på bygda

– Det er spennande å sjå innovasjonen i daglegvarebutikkar i distrikta, sa kommunalminister Sigbjørn Gjelsvik då han besøkte ein av Norges første delvis sjølvbetjente og døgnopne dagligvarebutikk.

5. mars 2023

Hegna Landhandel vart etablert som konsept-butikk for ny teknologi i 2018, med investeringsstøtte frå Merkur-programmet.

Datagründer Hans Olav Bakås hadde ideen om å etablere ein moderne og berekraftig landhandel ved å kombinere fleire teknologiske løysingar og sette dei saman på ein ny måte.

40 Merkur-butikkar

Erfaringa med digital butikk var så spennande at Merkur året etter sette i gang eit nasjonalt innovasjonsprosjekt. Merkur ville finne ut om fleksible opningstider med ny teknologi kunne bidra til styrka inntening og overlevelsesevne for små daglegvarebutikkar i distrikta.

No står butikkar over heile landet i kø for å tilby sjølvbetjent løysing, utanom vanleg opningstid. Ved årsskiftet hadde totalt 38 butikkar fått investeringsstøtte gjennom Merkur-programmet til å satse på ny teknologi. 22 av butikkane fekk støtte i 2022.

– Den utvida opningstida har styrka innteninga for butikkane, samstundes som kundane får eit betre tilbod, kommenterer Sigbjørn Gjelsvik.

Kompetente pengar

Merkur-programmet er opptatt av innovasjon og stiller risikokapital og kompetanse til disposisjon for distriktsbutikkar som ønskjer å teste ut nye forretningsmodellar eller nye tilleggstenester.

– Satsinga på sjølvbetjent og døgnopen drift av små nærbutikkar er det beste eksempelet på den viktige rolla Merkur-programmet har i å fremje og drive innovasjonsprosjekt som distriktsbutikkane elles ikkje ville fått teke del i, seier avdelingsdirektør Steinar Fredheim i Distriktssenteret.

– Dette er små butikkar som må tenke smart for å oppretthalde grunnlaget for vidare drift. Det har dei verkeleg klart! Det er imponerande, seier kommunalminister Sigbjørn Gjelsvik.

Ei gruppe menneske og ein butikk

Det var mange som ville møte statsråden på Hegna: f.v. Kjetil Flåtrud (NorgesGruppen), Einar Uvsløkk (Mat-Norge), Beate Marie Dahl Eide (Seljord kommune), Hallvard Christenson (Merkur-konsulent), Gro Cathrine Aasgrav (Hegna Landhandel), Hans Olav Bakås (Mat-Norge), Sigbjørn Gjelsvik (kommunal- og distriktsminister), Sondre Aasan (fungerende ordførar i Seljord ) og Terje Riis-Johansen, (fylkesordførar).

Foto: Karine Risdalen

Nytt pilotprosjekt

No er Merkur-programmet godt i gang med eit nytt prosjekt i samarbeid med Design Arkitektur Norge (DOGA) for å utvikle innovative løysingar for framtidas nærbutikk, med eit variert tilbod av tenester og aktivitetar i og rundt lokalbutikken.

Målet er å løfte fram små stader som førebilete i utviklinga av framtidas lokalsamfunn med butikken i sentrum.

Tre butikkar er plukka ut til å vere pilotar: Gamvik Handel, Nordmela landhandleri og kafé og Joker Grue Finnskog.