Merkur-programmet  ›  Aktuelt  ›  Årets Merkur-butikk inspirerer
Menn som held diplomar
Samhald Landhandel vart årets butikk i region Sør-Aust. F.v. Simen Markussen frå Samhald Landhandel og Steinar Fredheim frå Distriktssenteret. (Foto: Camilla Moen/Liberty Now)

Årets Merkur-butikk inspirerer

6. mai 2025

Samhald Landhandel i Leveld i Ål kommune har blitt kåra til Årets Merkur-butikk i region Sør-Aust.

Prisen blir delt ut av Merkur-programmet og går til butikkar som er gode døme for andre og viser korleis lokalbutikken kan vera ein viktig møteplass og motor i bygda.

Simen Markussen er ein uredd og kreativ kjøpmann.  Han har ikkje berre sett i gang att ein butikk som hadde vore stengt i fleire år. Butikken har også blitt eit bygdesenter og ein møteplass av stor verdi for lokalsamfunnet.

Kjøpmann med visjonar

Simen var 24 år då han og svigerfaren Lars Andre Espegard tok over butikken. Han har vist eit imponerande pågangsmot og evne til å tenke nytt. Dei sette i gang ei omfattande oppussing, reiv veggar og bygde opp att butikken med eit moderne uttrykk. Butikken vart ein moderne 24/7 butikk, noko som har gjort tilbodet endå meir tilgjengeleg for bygdefolk og besøkande.

Simen har eit skarpt auge for kva kundane ønskjer, og han er ikkje redd for å prøve nye tiltak for å skape aktivitet og trivsel i butikken. Med kreative løysingar har han klart å styrke butikken si rolle som både handelsstad og sosial samlingsplass.

– Når Simen er ferdig med eit tiltak er han med ein gong på jakt etter nye tiltak som vil gjera kunden endå meir fornøgd, legge att pengar med eit smil og spreie den glade bodskapen om butikken, fortel Merkur-konsulent Hallvard Christenson.

– Eit anna kjenneteikn er at han likar nye oppgåver og utfordringar. Når han får nye utfordringar i fanget så leiter han etter løysingar og han får det til. På denne måten veks han i rolla si og styrkar butikken sin rolle i bygda.

Ein møteplass med meining

Samhald Landhandel har blitt meir enn ein butikk. Det er ein stad der bygdefolk treff kvarandre, deler opplevingar og knyter band.

Simen har òg delt av si erfaring som mentor i Merkur-programmet, der han har hjelpt andre kjøpmenn med å utvikle sine butikkar. Han har vist at det å satse på bygda både kan vera lønsamt og samfunnsnyttig.

– Samhald Landhandel er eit strålande døme på korleis ein lokalbutikk kan bli ein bærebjelke i bygda. Gjennom hardt arbeid, kreativitet og samarbeid med lokalsamfunnet har Simen og teamet hans gitt nytt liv til butikken og styrka bygda si framtid, oppsummerer Christenson.

Av: Dan-Erik Aggvin