Hopp til innhaldet
MERKUR
Dette kan du søke støtte til

Utviklingsstøtte bokhandel

Bokhandlar som deltek i Merkur-programmet, kan søkje om utviklingsstøtte. Støtta skal bidra til å styrkje grunnlaget for lønnsam bokhandel-drift i distrikta.

Saksbehandlingstid

Du må rekne med at det tar 6-8 veker frå vi mottar fullstendig søknad til du frå svar. Dersom vi må returnere søknaden for å få fleire opplysningar, vil det ta lengre tid å få svar på søknaden.

Dette kan du få støtte til

Utviklingsstøtta skal gå til tiltak som kan utvikle bokhandelen som kulturarena og møteplass i lokalsamfunnet. Utviklingsstøtta skal også brukast til tiltak for å styrkje og utvikle drifta av butikken, mellom anna tilrettelegging for tilleggsfunksjonar.

Her er eksempel på kva du kan søkje om støtte til:

  • Mindre investeringar for å tilrettelegge for forfattarmøte og kulturopplevingar i bokhandelen
    (teknisk utstyr, bokreolar på hjul, stolar mm.)
  • Gjennomføring av bok-arrangement
  • Prosjekt som legg til rette for nye tilleggstenester
  • Marknadsføringstiltak retta mot nye kundegrupper
  • Andre utviklingstiltak

Generelle kostnader til marknadsføring som er ein del av den ordinære drifta kjem ikkje inn under denne ordning

Desse bokhandlane kan få utviklingsstøtte

Du kan søkje om støtte til butikken din dersom den

  • er lokaliserte i ein tettstad i distrikta
  • er den einaste bokhandelen i tettstaden eller handelsområdet
  • har ei total omsetning på mindre enn 7 millionar kroner, eksklusiv meirverdiavgift

Merkur vil prioritere dei søknadane som best støttar opp om måla for ordninga.

NB! Dersom du tidlegare har fått tilsegn om støtte, må du sende sluttrapport og be om utbetaling før du sender inn ny søknad.

Så mykje kan du få i støtte

  • Maksimalt støttebeløp er 100 000 kroner pr. år, eksklusiv meirverdiavgift
  • Du kan få inntil 75 prosent tilskot av totalkostnad, eksklusiv meirverdiavgift.

Søknader kan sendast inn heile året. Prosjektet det blir søkt om støtte til, kan ikkje vere starta opp før søknaden er ferdigbehandla.

Støtte frå Merkur-programmet blir rekna som bagatellmessig støtte. Du kan lese meir om kva det betyr for butikken her.

Her er regelverket for Merkur-programmet

Regelverket for tildeling av Merkur-støtte er regulert i ei eiga forskrift. Vi har også lenka direkte til den delen av forskrifta som gjeld kvar særskild ordning.

Det er også viktig å setje seg inn i