Hopp til innhaldet
MERKUR
Dette kan du søke støtte til

Investeringsstøtte til drivstoffanlegg

Nærbutikkar som deltek i Merkur-programmet, kan søkje om investeringsstøtte til drivstoffanlegg. Støtta skal sikre god tilgang på drivstoff i distrikta.

Saksbehandlingstid

Du må rekne med at det tar 6-8 veker frå vi mottar fullstendig søknad til du frå svar. Dersom vi må returnere søknaden for å få fleire opplysningar, vil det ta lengre tid å få svar på søknaden.

Dette kan du få støtte til

Investeringsstøtta skal gå til opprusting av eksisterande drivstoffanlegg. Du kan også søkje om støtte til etablering av nytt drivstoffanlegg i tilknyting til ein daglegvarebutikk. Anlegg som ligg på stadar der avstandane til næraste drivstofftilbod er lange, blir prioritert.

Her er eksempel på kva du kan søkje om støtte til:

  • Stasjonære og mobile drivstoffanlegg
  • Nye pumper eller chipautomatar
  • Ladestasjon for elbil

Nokre investeringar kan bli vurdert som tiltak med lågare prioritet og få redusert sats.

Disse butikkene kan få støtte til drivstoffanlegg

Investeringsstøtta skal gå til opprusting av eksisterande drivstoffanlegg. Du kan også søkje om støtte til etablering av nytt drivstoffanlegg i tilknyting til ein daglegvarebutikk. Anlegg som ligg på stadar der avstandane til næraste drivstofftilbod er lange, blir prioritert.

Her er eksempel på kva du kan søkje om støtte til:

  • Stasjonære og mobile drivstoffanlegg
  • Nye pumper eller chipautomatar
  • Ladestasjon for elbil

Nokre investeringar kan bli vurdert som tiltak med lågare prioritet og vil difor få redusert sats.

Verksemder som ikkje er Merkur-butikkar

Støtteordninga gjeld først og fremst for drivstoffanlegg ved Merkur-butikkar. Andre verksemder som driv eller eig drivstoffanlegg, kan i heilt særskilde høve òg bli omfatta av ordninga. For desse verksemdene gjeld følgjande tilleggskriterium:

Drivstoffanlegg må ha ein avstand på minimum 20 kilometer til næraste drivstoffanlegg eller vere lokalisert til stader utan fast vegsamband eller vere einaste drivstoffanlegg på ei øy.

Så mykje kan du få i støtte

  • Maksimalt støttebeløp er 800 000 kroner pr. år, eksklusiv meirverdiavgift
  • Du kan få inntil 50 % tilskot av totalkostnad, eksklusiv meirverdiavgift, til prioriterte formål
  • Du kan få inntil 25 % tilskot av totalkostnad, eksklusiv meirverdiavgift, til eit lågare prioritert formål

Søknader kan sendast inn heile året. Prosjektet det blir søkt om støtte til, kan ikkje vere starta opp før søknaden er ferdigbehandla.

Støtte frå Merkur-programmet blir rekna som bagatellmessig støtte. Du kan lese meir om kva det betyr for butikken her.

Her er regelverket for Merkur-programmet

Regelverket for tildeling av Merkur-støtte er regulert i ei eiga forskrift. Vi har også lenka direkte til den delen av forskrifta som gjeld kvar særskild ordning.

Det er også viktig å setje seg inn i