Dokumentarfilm om nærbutikk

Filmselskapet Mediamente har produsert fire små dokumentarfilmar om nærbutikkens rolle, på oppdrag frå Merkur-programmet. Her kan du møte kjøpmenn og kundar som er opptatt av samspelet mellom butikken og lokalsamfunnet.

Fire ungdomsskular i distrikts-Norge har laga mobil-film om nærbutikken, i samarbeid med filmselskapet. Klassane gjennomførte Merkurs pedagogiske opplegg for mobilfilm og drog så til butikken for å gjere filmopptak.

SJÅ FILM: Elevfilmar frå Høle, Nesflaten, Sør-Roan og Dalsfjord

Skuleåret 2015-16 gjennomførte Merkur ein film-konkurranse for elevar i 8.-10.klasse, i samarbeid med NRK Skole og Mediamente. Rødøy skole i Nordland vann første premie og fekk eit gåvekort på 5000 kroner.

LES OG SJÅ FILM: Rødøy skole vann filmkonkurransen

Er du lærar eller ungdomsskule-elev og har lyst til å lage film om nærbutikken? Det er framleis muleg å bruke Merkurs undervisningsopplegg om mat og butikk, som eit prosjekt-arbeid på skulen.

LES MEIR: Lag film om nærbutikken

MIDT-NORGE

Joker Hongsand, Roan, Sør-Trøndelag:
Bygdebutikken har blitt ein moderne landhandel som skaffar alt det som bygda treng. Butikken har deltatt aktivt i Merkur-prosjektet "Butikken som sosial arena".

SØRVESTLANDET

Nærbutikken Nesflaten, Suldal, Rogaland:
Butikken er heilt avgjerande for ei levande bygd, seier bygdefolket i Suldal som fekk butikken tilbake etter nedlegging. Butikken samarbeider med reiselivet og lokalmat-produsent.

NORD-NORGE

Joker Sjursnes, Tromsø, Troms:
Skulen og butikken er gjensidig avhengig av kvarandre. Utan desse to institusjonane blir det ikkje mykje liv igjen på bygda. Kjøpmannen legg vekt på aktivitetar som samlar bygda.

NORDVESTLANDET

Joker Løvik, Volda, Møre og Romsdal:
Då butikken vart nedlagt, gjekk bygdefolket saman for å skaffe kapital til ein ny, folkeeigd butikk. Kjøpmannen er opptatt av samspelet mellom bygda og butikken.