Video for opplæring av søkjarar

Lurer du på korleis du skal gå fram for å opprette ein søknad og be om utbetaling av støtte? Her er fire opplærings-videoar som viser korleis du skal bruke nettstaden www.regionalforvalntning.no.

Desse videoane er laga av Kommunal- og moderniseringsdeparmentet og gir ein detaljert gjennomgang av korleis du kan registrere deg som brukar, korleis du kan opprette ein søknad og korleis du kan be om utbetaling. Du kan også legge til fleire brukarar.

Metoden for å opprette søknad er den same for alle tilskotsordningar som er registrert i www.regionalforvaltning.no. I videoane er det vist fram mange felt som skal fyllast ut. Men du slepp å fylle ut så mange felt når du søkjer om støtte eller ber om utbetaling frå Merkur-programmet.

VIDEO

Slik blir du registrert som søkjar

Slik opprettar du ein søknad

Slik ber du om utbetaling av støtte

Slik kan du leggje til fleire brukarar

Vil du heller lese informasjon?

Nettstaden www.regionalforvaltning.no har også lagt ut skriftleg informasjon med gode illustrasjonar. Her kan du lese om korleis du registrerer deg som brukar, korleis du kan søkje og korleis du kan be om utbetaling av støtte.

Her kan du få meir informasjon om søkjerprosess og søknadsskjema.

Merkur har laga ein eigen presentasjon som viser korleis du kan be om utbetaling av støtte:

Slik får du utbetalt støtte frå Merkur