Utviklar og støttar nærbutikkar i distrikta

Liv Reidun ved kassa.jpg

SØRSTRAUMEN HANDEL: Liv Reidun Olsen har utvikla butikken på Sørstraumen i Troms til å bli ein butikk med mange og varierte tilleggstenester.

Merkur-programmet er Kommunal- og moderniseringsdepartementets program for å utvikle og styrke butikkar i distrikts-Norge. Målet er å sikre folk i distrikta tilgang til ein nærliggande daglegvarebutikk med god kvalitet. 

Nærbutikken er avgjerande for at folk skal bu og trivast på bygdene.   Det er vanskeleg å få folk til å busette seg utanom byar og tettstader dersom dei ikkje har tilgang til ein butikk. Nærbutikken er like viktig som skule og barnehage.

Bygdas servicesenter

Butikken er både ein salsstad for daglegvarer og ein viktig møteplass i bygda. Dei fleste butikkar har ein kaffikrok der bygdefolk kan møtast.  Utvikling av butikken som sosial arena er eit viktig satsings-område for Merkur-programmet.

Butikken i distrikta er i ferd med å bli bygdenes servicesenter, med post, tipping, apotekvarer, lokal mat, kommunal informasjon, drivstoff og turist-formidling. Slike tilleggtenester gir butikken fleire bein å stå på. Samtidig får folk på bygda eit betre tilbod.

Kompetanse-program 

Nærare 1000 kjøpmenn fordelt på 800 butikkar har så langt deltatt i Merkur-programmet. Nye kjøpmenn får tilbod om eit såkalla hovudprogram. Dette er eit kompetansehevande kurs som går over eit år, med god oppfølging undervegs. Målet er at kjøpmannen skal utvikle butikken sin, i nært samspel med bygda. 50-60 kjøpmenn får tilbod om å delta i eit slikt program kvart år.

EKSEMPEL NÆRBUTIKK: Her kan du finne gode eksempel på nærbutikkar som er opptatt av utvikling

Merkur-programmet gir også oppfølging i form av konsulenthjelp, butikkbesøk, nettverksarbeid og konferansar.  Merkur har 10 godkjente konsulentar fordelt utover heile Norge. Mange bygdelag får hjelp til å etablere nye folkeeigde butikkar, når den gamle kjøpmannen vil gi seg. De siste ti åra er det lagt ned få butikkar i distrikts-Norge.

Støtte til investeringar

De fleste små butikkar slit med økonomien. En rapport fra Institutt for Bransjeanalyser (2012) viste at 4 av 10 distriktsbutikkar har så dårlig økonomi at vidare drift står i fare. Butikkane er derfor avhengig av litt støtte frå stor-samfunnet, for den funksjonen den har som infrastruktur i distrikts-Norge. 

Merkur-programmet forvaltar ei statleg investeringsstøtte-ordning for distriktsbutikkar på vegne av Kommunal- og regionaldepartementet. For 2016 har Stortinget gitt en ramme på 28 mill. kr til nødvendige investeringar i butikk og drivstoff-anlegg.