Rapportering og utbetaling av støtte

Støtte til investeringar blir utbetalt etter at prosjektet er ferdig. Hugs å rapportere og be om utbetaling i god tid før fristen som er oppgitt i tilsegnet.

Krav til rapportering går fram av standardvilkåra for støtteordninga, og i tilsegnbrevet som støttemottakar har fått tilsendt. For å unngå forseinkingar i utbetalingane, er det viktig at du legg ved dei dokumenta som krevst. Det vil seie prosjektrekneskap, faktura, kvitteringar, attestasjonar og andre viktige dokument. Hugs riktig saksnummer (evt. tilsegndato), butikknamn og signatur. Sjekk at desse dokumenta er lasta opp som filvedlegg før du sender det elektroniske oppgjersskjemaet frå deg.

Beløpet vil bli utbetalt etter at prosjektet er ferdig og det er lagt fram stadfesta byggje- og innkjøpsrekneskap frå revisor eller autorisert rekneskapsførar. For krav til attestasjon, viser vi til eige punkt om dette i standardvilkåra.

NB: Dersom butikken ikkje rapporterer at investeringa er gjennomført innafor fristen, vil saka bli avslutta og unytta midlar vil bli inndratt.

Når du skal rapportere og be om utbetaling, brukar du den same nettsida (www.regionalforvaltning.no) som du brukte då du søkte om støtte. Logg inn med ditt brukarnamn/passord, og velg «Ny utbetaling». Fyll inn naudsynt informasjon om utbetalingsoppmodinga.

TRENG DU HJELP?

Merkur har laga ei oppskrift for korleis du går fram for å få utbetalt støtte. Gå gjennom denne før du går inn på regionalforvaltning.no: Slik får du utbetalt støtte

Nettstaden regionalforvaltning.no har laga ein video som viser korleis du fyller ut skjema for å få utbetalt støtte. Det er også laga ein skriftleg presentasjon, med illustrasjonar:
Sjå video om utbetaling   |    Les bruksrettleiing om utbetaling
 

Rapportering av investeringar:

Attestert prosjektrekneskap og bilag (kopi av faktura/ kvitteringar) skal lastast opp som filvedlegg til oppmodinga om utbetaling før du sender inn det elektroniske skjemaet. Dersom rekneskap og andre dokument manglar, kan ikkje Merkur betale ut pengane.

Krav om utbetaling kan ikkje endrast når det først er sendt inn. Det er derfor svært viktig at du sjekkar grundig at utbetalingsoppmodinga er fullstendig før innsending.

Skjema for prosjektrekneskap kan du laste ned her:  pdf-format   excel-format
Skjema for føring av timeliste for eigeninnsats eller dugnad kan du laste ned her: Timeliste pdf  Timeliste excel

Rapportering av utviklingstiltak:

Beløpet vil bli utbetalt etter at kostnadene knytt til innvilga tiltak er dokumenterte og Merkur-konsulenten har stadfesta desse. Denne dokumentasjonen/attestasjonen skal lastast opp som filvedlegg som beskrive ovanfor. Vi gjer merksam på at utviklingsstøtta blir rekna som skattepliktig inntekt.

Rapport for utviklingstiltak kan du laste ned her:  pdf-format  word-format
Skjema for føring av timeliste for eigeninnsats eller dugnad kan du laste ned her: Timeliste pdf  Timeliste excel

Skatt og avskriving:

Investeringsstøtte via Merkur-programmet er skattefri for butikkar som er lokalisert innafor det distriktspolitiske verkeområdet. Utviklingsstøtte er skattepliktig.

LES MEIR: Informasjon om investeringsstøtte, skatt og avskriving


VILKÅR FOR STØTTE

Her er regelverket for dei ulike støtteordningane som blir formidla gjennom Merkur-programmet. Det er viktig at du kjenner til vilkåra før du søkjer om støtte.

Gammalt regelverk for støtteordningane (2016):


Nytt regelverk for støtteordningane (2017):