450 distrikts-butikkar har tipping

VIKTIG TENESTE: Tipping er ei av dei viktigaste tilleggs-tenestene for nærbutikken i distrikts-Norge.

Tipping er ei populær teneste i dei fleste distriktsbutikkane. 454 av 586 Merkur-butikkar var registrert som kommisjonærar for Norsk Tipping pr. 1.1.2015. Merkur har eigen avtale med Norsk Tipping som gjer det lettare for små butikkar å tilby tippe-tenester.

Merkur arbeider for at butikkane skal få tilleggstenester som aukar lønsemda og gir innbyggarane i lokalsamfunnet betre tenester. Tipping er i dag eit av dei mest vanlege tilboda. Tippe-tenester blir oppfatta som ein naturleg del av servicetilbodet for ein moderne nærbutikk.

Små butikkar opplever at dersom kundane må reise til ein større butikk for å tippe, så handlar dei også daglegvarene sine utanfor bygda. Tilbod om tippe-tenester er viktig for å unngå handelslekkasje, samtidig som denne tenesta også gir kjøpmannen ei ekstra inntekt.

Butikkar som deltek i Merkur sitt arbeid for å utvikle lokalbutikken, har i mange år har hatt langt lågare krav til omsetning enn andre daglegvarebutikkar. I den nye avtalen som gjeld for 2015-17, har Merkur-butikkane fått endå gunstigare vilkår.

No er kravet til tippe-omsetning pr. veke redusert frå 6.000 til 5.000 kroner. Det betyr at fleire små butikkar i distrikts-Norge kan få sjansen til å bli tippe-kommisjonærar.

Norsk Tipping seier at dei vil vurdere tildeling av nye kommisjonærverv for butikkar som har fått ei synleg standardheving gjennom deltaking i Merkur-programmet. Butikkar som satsar spesielt på utvikling av butikken som sosial arena, vil bli prioriterte. Eigarskifte og nyetableringar kan også gi grunnlag for tildeling av tippe-tenester.

Vil du ha tipping i butikken?

Butikkar som ønskjer å bli kommisjonærar for Norsk Tipping, skal søkje direkte på nett til Norsk Tipping. Men det er lurt å ta kontakt med den lokale Merkur-konsulenten først. Konsulenten kan etter avtale skrive ei fråsegn som han kan sende direkte til Norsk Tipping, som støtte for søknaden.

Korleis kan du bli kommisjonær (Informasjon frå Norsk Tipping)

Her kan du søkje om tipping (link til nettsida til Norsk Tipping)

Oppdatert: 22.april 2015