Dette kan du få støtte til
Straumstøtta skal gå til å dekkje straumkostnader i perioden frå september til desember 2022. Det vert to søknadsperiodar:
- September-november
- Desember
Desse butikkane kan få straumstøtte
- Den faktiske straumkostnaden for butikken (utan avgifter og nettleige) må ha vore over 70 øre per kWh. i snitt den månaden butikken søkjer støtte for.
- Butikken må vere daglegvarebutikk og registrert som Merkur-butikk etter Merkur-forskrifta §3 første ledd, vere open heile året og ha hatt høge straumutgifter i perioden 1. september til 31. desember 2022.
- Butikken kan ikkje få straumstøtte frå både Merkur-programmet og andre offentlege ordningar den same månaden (t.d. energitilskotsordninga hos Enova eller kommunal straumstøtte).
- Butikken må ha gjennomført ei enkel energikartlegging.
- Butikken kan ikkje vere under gjeldsforhandling eller ha meldt oppbod.
- Butikkar som mottek straumstøtte, kan ikkje betale ut utbytte i 2023.
- Føretak som er underlagt sanksjonar som svar på Russland sin militære aggresjon mot Ukraina, kan ikkje få straumstøtte.
Så mykje kan du få i støtte
- Støttebeløpet er inntil 80 % av den faktiske straumkostnaden (utan avgifter og nettleige), fråtrekt 70 øre per kWh av den støtteberettiga prisen.
Søknadsfrist
Støttordninga gjeld for perioden september-desember 2022. 31.12.2023 er siste frist for å sende inn søknad.