Verktøy i distriktspolitikken

Merkur-programmet er eit viktig verktøy i distriktspolitikken. Programmet er ein del av regjeringa si satsing på levande og attraktive lokalsamfunn. Utan butikk dør bygda.

Kommunal- og moderniseringsdepartementet har oppsummert målsettinga med distrikts- og regionalpolitikken slik:

• at alle skal ha reell fridom til å busetje seg der dei vil
• å sikre likeverdige levekår og ta ressursane i heile landet i bruk
• å oppretthalde hovudtrekka i busetnadsmønsteret for å vidareføre og vidareutvikle det mangfaldet i historie, kultur og ressursar som ligg i dette
• at ein aktiv og målretta distrikts- og regionalpolitikk skal medverke til verdiskaping, arbeidsplassar og velferd der folk bur

Joker Skartveit strand web.jpg

MØTEPLASS: Joker-butikken på Skartveit i Rogaland har fått fleire prisar for butikkens rolle som nærbutikk, bygdeutviklar og møteplass både for bygdefolk og tilreisande.

Mange tiltak

Merkur-programmet er eit av mange tiltak i regjeringa sin distrikts- og regionalpolitikk, der det blir lagt vekt på å styrke kommunane si rolle som samfunnsutviklar.

- Å vere samfunnsutviklar inneber eit allsidig arbeid for å skape attraktive samfunn og gode levekår for befolkninga. Gjennom aktiv tilrettelegging og i samspel med næringsliv, frivillig sektor og innbyggjarane, kan kommunen vidareutvikle gode stader og leggje til rette for entreprenørar og eldsjeler, seier departementet.

Småsamfunn

Regjeringa har tidlegare prøvd å gjere ein spesiell innsats retta mot dei mest utsette kommunane og lokalsamfunna, gjennom ei såkalla småsamfunnssatsing. Utviklingsarbeid for utkantbutikkar gjennom Merkur-programmet har vore ein del av denne satsinga. Denne strategien blir no vidareført gjennom satsinga på levande og attraktive lokalsamfunn.