Servicestøtte

Merkur-programmet  ›  Søk støtte  ›  Servicestøtte

Servicestøtte til nærbutikk

Nærbutikkar som deltek i Merkur-programmet kan søkje om servicestøtte. Støtta skal bidra til å oppretthalde dei aller minste butikkane og fungerer som ei betaling for den service som butikkane yter til innbyggarar og verksemder i lokalsamfunnet.

Du kan ikkje søkje på servicestøtte før søknadsskjema blir lagt ut i april

Dette kan du få støtte til

Servicestøtta skal dekke utviklings- og driftskostnader som butikkane har for å fylle rolla som lokalt servicesenter. Støtta kan også dekke mindre investeringar som bidrar til å nå målet med ordninga.

Når du søkjer om servicestøtte, må du opplyse om minst tre tilleggstenester som butikken tilbyr, utanom sal av daglegvarer. Men du skal ikkje søkje om støtte til konkrete tiltak, slik som du må gjere når du søkjer om tilskot frå dei andre støtteordningane.

Desse butikkane kan få støtte

Du kan søkje om støtte til butikken din dersom den

  • har eit kundegrunnlag (nærmarknad) på under 200 hushald
  • har ein avstand på minst 20 kilometer til næraste alternative innkjøpsstad, eller ligg på ein stad utan fast vegsamband, eller er einaste daglegvarebutikk på ei øy
  • har omsetning for mindre enn 4 millionar kroner i året. Meirverdiavgift, drivstoff, kraftfôr og gjødsel skal ikkje reknast med
  • er open heile året og har ope minst 3 kvardagar per veke i lågsesong
  • har minst tre tilleggstenester i tillegg til sal av daglegvarer, til dømes post og bank i butikk, tipping, kaffikrok, turistanlegg, kommunalt servicekontor, sal av drivstoff, kafé/pub, mm.

Så mykje kan du få i støtte

  • Maksimalt støttebeløp er 100.000 kroner pr. år, eksklusiv meirverdiavgift

Søknadsfrist og behandlingstid

Søknadsskjema for servicestøtte blir lagt ut i april kvart år. Det er ikkje søknadsfrist for denne støtteordninga. Det tek 6-8 veker å behandle søknaden din.

Butikkar som ikkje tidlegare har mottatt servicestøtte, må ta kontakt med sin Merkur-konsulent for å få ei tilråding om støtte. Du treng også ei tilråding frå kommunen.

Butikkar som har mottatt støtte tidlegare, må levere rapport for siste års støtte før dei kan få behandla ny søknad.