Her er endringane i Merkurs støtteordningar 2019

Regelverket for støtteordningane er regulert gjennom ei statleg forskrift (Merkur-forskrifta). Forskrifta vart endra 16.august 2019, slik at fleire små butikkar kan få servicestøtte og fleire litt større butikkar kan få investeringsstøtte. Maksimalt støttebeløp er heva frå 400.000 til 600.000 kr.

Her er dei viktigaste endringane i regelverket for dei ulike støtteordningane:

Investeringsstøtte: 

  • Øvre grense for årsomsetning er heva frå 10,0 til 13,0 mill. kr 

  • Maksimalt støttebeløp pr. år er heva frå 400.000 til 600.000 kr 

  • Butikkar med inntil 8,0 mill. kr i omsetning kan få tilskot med inntil 75 prosent av kostnadene. Tidlegare var omsetningsgrensa på 7,0 mill. kr

  • Butikkar med 8,0-13,0 mill. kr i omsetning kan få tilskot med inntil 50 prosent av kostnadene 

  • Hovudregelen skal framleis vere at ein butikk må ha minst 10 km avstand til neste butikk. Men det kan gjerast særskilte vurderingar for butikkar som har mellom 5 og 10 kilometer avstand til næraste alternative innkjøpsstad. Faktorar som kan blir vektlagt i den særskilte vurderinga er mellom anna «vegens standard, spesielle lokale geografiske tilhøve, topografiske tilhøve som skil ulike lokalsamfunn, transportløysingar med meir."

Servicestøtte: 

  • Øvre grense for årsomsetning blir heva frå 3,0 til 4,0 mill. kr

Utviklingsstøtte: 

  • Øvre grense for årsomsetning blir heva frå 7,0 til 8,0 mill. kr, slik at utviklingsstøtta gjeld for butikkar som har 4,0-8,0 mill. kr i omsetning

Drivstoffanlegg: 

  • Maksimalt støttebeløp blir heva frå 500.000 til 600.000 kr

  • Det blir presisert at ladestasjonar for elbil inngår i støtteordning

Her er kort oversikt: Merkurs støtteordningar, revidert aug. 2019
Her er det nye regelverket: REVIDERT MERKUR-FORSKRIFT (Lovdata)