Prosjekt og rapportar

Evaluering av Merkur-programmet

Møreforsking har evaluert effekten av Merkur-programmet på oppdrag frå Kommunal- og moderniseringsdepartementet. Rapporten "Merkur leker ikke butikk - resultateffektivitet og forvaltningseffektivitet  ved KMDs satsing på utkantbutikker" (2014) konkluderer med både kompetanseprogrammet og støtte til utviklingstiltak og investeringar betrar vilkåra for butikkdrift. Møreforsking har også laga eit kort sammandrag av Merkur-rapporten.

IBA-rapportar

Institutt for bransjeanalyser (IBA) har utarbeidd fleire rapportar om distriktstbutikkane:

"Distriktsbutikken - bygdas eneste vareformidler og naturlige møteplass" (2012) Rapporten viser at 4 av 10 distriktsbutikkar har så svak økonomi at vidare drift kan stå i fare.

“Regneskapsanalyse for Merkurbutikker” (2015) analyserer den økonomiske utviklinga for Merkurbutikkar samanlikna med andre bygdebutikkar i perioden 2009-2013. Rapporten viser at Merkur-butikkane har hatt større årleg vekst enn andre distriktsbutikkar i fireårs-perioden, med unntak for 2013.

”Bygdebutikkenes økonomi” (2019) analyserer den økonomiske utviklinga for bygdebutikkar i perioden 2009-2016. Rapporten viser at bygdebutikkane må ha ei omsetning på 11 mill. kr for å kunne oppnå eit positivt resultat.

Små butikkar - store utfordringar

Ein rapport frå Møreforsking med tittelen "Små butikkar - store utfordringar" (2007) dokumenter at butikken kan ha ei nøkkelrolle i forhold til dei utfordringane mange små bygdesamfunn står overfor, og at dette er noko mange kommunar ikkje har teke inn over seg. Rapporten slår òg fast at Merkur-programmet har vore viktig for å utvikle bygdebutikkane.

I samband med rapporten produserte Møreforsking også tre avis-kronikkar: 
Merkur - ein gud for nærbutikken?
Butikken som bygdeutviklar
Nærbutikkens tragedie

Finn Ove Båtevik og Unni Aarflot ved Møreforskning publiserte i 2010 ein vitskapleg artikkel: Butikken som bygdeutviklar