Slik blir Merkur styrt

Sanner handler pølse.jpg

STATSRÅD-BESØK: Kommunal- og moderniseringsminister Jan Tore Sanner på besøk hos kjøpmann Roland Aagard som driv Kvelibua i Lierne i Nord-Trøndelag.

Merkur-programmet er eigd av Kommunal- og moderniseringsdepartementet og blir finansiert gjennom årlege løyvingar på statsbudsjettet.

Departementet har oppnemnt eit styre med representantar frå butikk-bransjen og kommune-Norge. Styret har det overordna ansvaret for drifta av Merkur, inkludert budsjett og strategi. 

Departementet styrer også Merkur ved årlege oppdragsbrev, der det blir gitt melding om oppgåver som skal prioriterast og rutinar for rapportering.

LES: Merkurs oppdragsbrev for 2018

Konsulentfirmaet Mentor AS har fått i oppdrag å vere sekretariat for Merkur for perioden 2015-2018. Frå og med 2019 vil sekretariatet bli overflytta til Distriktssenteret.

Merkur-programmet er forankra i regjeringa sitt mål for distrikt- og regionalpolitikken om "å utvikle attraktive regioner og senter for befolkning og næringsliv". Merkur skal oppfylle delmålet om "å styrke tilgangen til tjenester for befolkningen i områder med få innbyggere og små markeder".

Det er laga eit mandat for Merkur som definerer styret, sekretariatet og departementet sine oppgåver og roller.

LES: Mandat for Merkur-programmet