Vil du delta i kampanjen for lokal handel laurdag 19.oktober 2019?  Bruk påmeldings-skjemaet under og send påmelding til Merkurs. Det er viktig at du oppgir både butikknamn, postadresse, epostadresse og målform (nynorsk eller bokmål). Alt kampanje-materiell er gratis. Frist for påmelding er 20.september.

Dersom du ønskjer å gjennomføre ein lokal kampanje uavhengig av hovud-kampanjen, kan du også bestille materiell gjennom skjemaet på denne sida.

Merkur er i ferd med å lage nytt materiell for 2019, inkludert heilt nye plakatar. Vi har laga ein standard-pakke som vi sender til butikkane. Legg inn kommentar eller ønskjemål i skjemaet under dersom du har behov for meir eller mindre materiell.

Standardpakke nærbutikk 2019

  • 2 kampanje-plakatar (for oppheng i butikken) 70x100 cm

  • 1 invitasjon/kampanje-plakat (butikken kan legge inn lokal informasjon) 70x100 cm

  • 20 ballongar (til bruk på aksjonsdagen)

  • 25 klistremerke (for utdeling til interesserte kundar mm.) 6x6 cm

  • Tekst og bilde for kampanje på Facebook

  • Mal for invitasjon/flygeblad

  • Filter for Facebook og Snapchat

Standardpakke bokhandel 2019

  • 1 kampanjeplakat (for oppheng i butikken) 70x100 cm

  • 300 bokmerke med argument for lokal handel (for utdeling ved kasse) 12x21 cm

  • 20 ballongar (til bruk på aksjonsdagen)

  • 25 klistremerke (for utdeling til interesserte kundar mm.) 6x6 cm

I tillegg til dette vil butikken få tilsendt gode råd og tips om korleis butikken kan gjennomføre kampanjen på ein god måte.

Nedlasting: Det vil bli lagt ut link for nedlasting av kampanjemateriell når materiellet er ferdig

Har du spørsmål om kampanjen, ta kontakt med seniorrådgivar Aina Sofie Brox på tlf 911 86 680 eller epost.

Bruk dette skjemaet for å sende påmelding direkte til Merkur:

NB: Når påmeldinga er registrert, får du automatisk bekreftelse på denne nettsida

Bransje *
Kontaktperson *
Kontaktperson
Nynorsk vs Bokmal *
Velg språk for tilsendt materiell
Samtykke *
Opplysningar som samlast inn i dette skjemaet vil bli brukt til å sende ut materiell til bestillar. Opplsyningane vil bli sletta etter at formålet med innsamlinga er gått ut, i samsavar med vår personvernerklæring.

FÅR DU FEILMELDING NÅR DU SKAL SENDE INN PÅMELDINGA?

Dersom du får feilmelding pga. brannmur eller gammal nettlesar, kan du sende påmelding til Merkur som vanleg epost. Hugs å gi opp butikknamn, namn på kjøpmann, postadresse, epost, mobilnummer og val av målform.