Dag 1 – 19. oktober
Økt 1 16:30 – 17:15
Sesjon 1 – Straumprisen til himmels, kva kan eg gjere?
Sesjon 2 – Slik kan kommunen handle lokalt
A: Oslo Economics presenterer ei ny utgreiing om kommunale innkjøp. Her får du vite korleis kommunen kan legge til rette for at små og lokale bedrifter får delta i anbodskonkurranar og få oppdrag av kommunen.
B: Er kommunen din største og beste kunde? Dersom svaret er nei, bør du delta på denne arbeidsverkstaden som viser korleis butikken din kan få kommunale innkjøp.
NB: Sesjonen går over økt 1 og økt 2.
Sesjon 3 – Digital kundekontakt lønner seg
Korleis kan du bruke digital kommunikasjon på best mogleg måte, som aukar omsetjinga og styrkar omdømet ditt? Korleis kan du bidra til å skape gode lokalsamfunn, og synleggjere butikken og tenestene dine gjennom digitalt innhald?
I denne sesjonen får du konkrete tips og verktøy med utgangspunkt i Google og Facebook. Gode tips om oppdatert innhald, informasjon, synlegheit og korleis du kan utnytte plattformane på ein enkel og effektiv måte.
Sesjon 4 – Kurs i bokbading
Praktisk og inspirerande kurs i bokbading. Med moglegheiter til å øve med en kjent norsk forfattar! NB: Sesjonen går over økt 1 og økt 2.
Økt 2 17:30 – 18:15
Sesjon 1 – Kjøpmann og kommune skapar digital nærbutikk
Har du planar om delvis sjølvbetjent butikk bør du bli med her! Du får møte kjøpmenn og kommunar som saman har funne ei «oppskrift» på korleis digital nærbutikk kan realiserast. Dei siste åra har mange kjøpmenn og kommunar til dømes utforska handlingsrommet i regelverket for sal av alkohol og andre aldersbetinga varer. I denne økta får du vite korleis du kan gå fram i samarbeidet med kommunen. I tillegg får du gode dømer på korleis drive delvis sjølvbetjent butikk innanfor gjeldande lover og forskrifter.
Sesjon 3 – Framtidas bygdevertar
Er du butikkeigar, gardsmatprodusent eller hyttevert, er godt vertskap eit viktig fortinn med tanke på service og det å styrke butikken sine moglegheiter for tilleggsnæringar. Dette kan gi auka omsetnad, og du bidreg til eit viktig samfunnsoppdrag i ditt lokalsamfunn og kommune.
I denne sesjonen vert det eit innlegg av Bernt Bucher Johanessen, dagleg leiar i organisasjonen Hanen. Som leiar for ein organisasjon med mange små bedrifter, er han oppteken av kor viktig vertskapsrolla er. Bli med på ein spennande sesjon med fagleg innlegg og ein aktiv dialog.
Dag 2 – 20. oktober
Økt 1 09:30 – 10:15
Sesjon 1 – Digital daglegvarebutikk
Scenesamtale med tre kjøpmenn: Korleis lede ein digitalisert dagligvarebutikk – erfaringar, moglegheiter og utfordringar.
Sesjon 2 – Bygdeutvikling med enkle middel
Gnistfangarmetoden på Bessaker
I den vesle bygda Bessaker på Trøndelagskysten er butikken ein sosial møteplass, ein pådrivar og tilretteleggar for bygdeutviklinga. Her drivast utviklinga etter dei 4 F-ane: Finne på, Få med, Få til og Feire. Torhild og David fra Matkroken Bessaker delar sine erfaringar med gnistfangarmetoden og kva dei har fått til i bygda.
Sesjon 3 – Handelslekkasje «Fakta har makta»
Kva gjer vi for å få bygdefolket til å handle lokalt?
Sesjon 4 – Bokhandelen alle snakkar om
Scenesamtale med 3 bokhandlarar som har funne sin eigenart. Dei delar sine erfaringar og gir inspirerande råd.
Økt 2 10:45 – 12:30
Sesjon 1 – Seljar og bygdeentreprenør
Kva inneber denne mangfaldige rolla? Gode råd for å komme ut av spagaten mellom kjøpmannsrolla og rolla som bygdeentreprenør.
Sesjon 2 – Nærbutikken som velferdssentral og lønnsame tilleggstenester
Lønnsemd for kven? Korleis skape meirverdiar både for butikken, lokalsamfunnet og kommunen?
Sesjon 3 – Korleis lukkast med turisme og lokalmat?
Nærbutikken er vertskap for turistar og ferie- og fritidssegmentet. Her er det moglegheiter for å utvide marknaden og utvikle vertskapsrolla. Interessa for lokalmat er aukande, og speglar samtidig lokal identitet og tilhøyrsle. I denne sesjonen vil vi sette søkelys på butikken sine moglegheiter knytt til reiseliv og lokalmat.
Sesjon 4 – BookTok på TikTok
Korleis vekke interessa for bøker hjå ungdom?